Bok
Historisk sus
Søsterklokkene er ein roman som truleg blir ståande i norsk litteratur.
Lars Mytting har ein imponerande kunnskap om gammalt handverk, skriv meldaren.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
I 2010 gav Jo Eggen ut diktsamlinga Stavkirkedikt etter å ha besøkt alle dei 28 stavkyrkjene her i landet pluss ei i Polen: Vang stavkyrkje, som blei flytta til Schlesien i 1842. Eggens kulturhistoriske meditasjonar kling godt som bakgrunn for Lars Myttings nye roman Søsterklokkene, der ei fiktiv stavkyrkje nær Fåvang i Gudbrandsdalen speler ei hovudrolle saman med eit rikhaldig persongalleri.
Handlinga er lagt til 1880-åra og staden er grenda Butangen, dit den reformvennlege presten Kai Schweigaard kjem hausten 1879. Den gamle mellomalderkyrkja står til nedfalls, og sidan det over heile landet er stemning for å rive dei gamle stavkyrkjene og byggje nytt, tar Schweigaard saman med biskopen på Hamar initiativ til å rive og deretter gjenreise kyrkja i Dresden. Slik kjem den unge arkitektstudenten Gerhard Schönauer til Butangen for å overvake rivinga. Ungjenta Astrid Hekne hamnar midt oppi denne prosessen, og sidan ho kjenner slektskap og eigarskap til kyrkjeklokkene, søsterklokkene, gjer ho det ho kan for at dei ikkje skal ut av bygda.
Imponerande kunnskap
Det er ei lokal segn knytt til søsterklokkene i Ringebu stavkyrkje like nord for Fåvang. Denne segna flettar Mytting elegant inn i handlinga, og han lar det vere eit omdreiingspunkt for konfliktane og dramatikken som etter kvart oppstår mellom presten, arkitektstudenten og Astrid Hekne – ein trekant som ingen kjem frå med lukka intakt.
OK, la handlingsreferatet stanse der mens fokuset skiftar til Myttings genuine kjennskap til og kunnskap om kvardagslivet i eit avsides bygdelag for 140 år sidan. Det mentalitetshistoriske bakteppet står fram med all si overtru, varslar og teikn, lagnadstunge fråsegner og eldgamle førestellingar om at menneskelivet er styrt av krefter ein ikkje rår over. Dersom ein set seg opp mot slike krefter, går alt over styr. Og det stansar ikkje der: Mytting viser også ein imponerande kunnskap om gammalt handverk, byggtekniske detaljar, treskjering og ornamentikk, og han integrerer kunnskapen i forteljinga utan at det verkar påklistra eller leksikalsk.
Innsikt og innleving
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.