Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Hin rådsnare helt

En sommer med Homer er inspirerande formidling av ikonisk litteratur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sylvain Tesson har omarbeidd eit radio- kåseri om Homer til bok.

Foto: Wikipedia

3621
20200821
3621
20200821

Essay

Sylvain Tesson:

En sommer med
Homer

Omsett av Agnete Øye
Solum Bokvennen

Opphavet til diktekunsten er formidlinga av slikt som ikkje ligg tydeleg føre, til dømes utsegner om einkvan som ikkje er til stades. Såleis er litteraturen i skyldskap med sladderen, noko som er minst like tydeleg i dag som for over to tusen år sidan, då Homer skreiv Iliaden og Odysseen.

Dette poenget tangerer den franske forfattaren Sylvain Tesson med eit og anna verbalt streifskot i den fine boka En sommer med Homer, som i Noreg er nok eit tilskot til ein god serie frå Solum Bokvennen, men som vart til i Frankrike etter at ein radiokåseriserie om Montaigne vart ein suksess for nokre år sidan.

Kåseriserie

Også boka om Homer var først ein kåseriserie i radioen, men Tesson har tilpassa teksten til skriftleg format, slik at verket no er eit grundig essay om Odyssevs, «hin rådsnare helt», og andre sentrale aktørar i det litterære urmedvitet, og forfattaren demonstrerer at han kan meir enn å skyta streifskot, han har investert tungt i innsikt og gjort seg fortent til ein tiara av godord ved å syna at ein råkar innertiaren ved å overvinna inerti. Sagt annleis: Ein vinn mykje ved å halda seg borte frå minste motstands veg (underhaldning) og lesa eitkvart som stiller større krav til merksemd og ettertanke.

Når eg no fleire gonger har nytta ordet ikonisk som epitet, har eg gjort Homer ei bjørneteneste som Tesson ikkje gjer. For om verka verkeleg verka og var ikoniske, var dei samla under det lite nytta omgrepet ipseitet, som tyder at eitkvart er noko i seg sjølv, og såleis er ferdig tolka av ortodoks tradisjon. Men Tesson syner oss at Odysseen og Iliaden er levande litteratur, spennande skildringar av mennesket i kamp mot maktene og gudane i kamp med seg sjølve. Alt er døme på dei menneskelege vilkåra, difor er det som om kjernen i tekstane var skriven i går. Det provar påstanden til Ezra Pound, om at litteratur er «news that stays news», og det stettar framlegget til Georg Johannesen, då han meinte at dikta til Tu Fu burde prentast på nytt kvar dag, medan det burde gå 1200 år mellom kvar gong VG kom ut.

Aktuelt

Ved å drøfta konflikt og løysing i mytologisk tidsalder og samanlikna med dagens tankesett kjem Tesson fram til at lite har endra seg, anna enn ytre omstende. Og det har han jo rett i, sjølv om eg vil innvenda at djuptgripande, strukturelle omveltingar, representerte ved fenomen som ananaspizza, offside og burettslag, stundom har sett det evigmenneskelege på prøve, men årsaka til den observerte stabiliteten er jo at mennesket er nytt i verda og røynslene våre er så korte. Berre vent!

Tesson får lesaren til å sjå at desse tekstane vedkjem oss den dag i dag, ved å peika på litterære kjerneverdiar som menneskets vilje til å vera trufast mot eigne ideal. Odysseen er ei reise for å finna seg sjølv, for om ein ser det overnaturlege hjå Homer som døme på dei føresetnadene ein ikkje har makt over, finst det også andre som ein kan gjera noko med. Lagnadstrua kan derimot ta motet og initiativet frå ein, men tenkjer ein nøye over det, inneber jo ideen om at alt er lagt til rette av skjebnegudinnene, at hemn er ulogisk, skuld utrydda og ære uråd. Og slik kan ein ikkje ha det. Særleg gjeld det æra, etter mi meining.

En sommer med Homer er kort og godt ei inspirerande og tankevekkjande tekstsamling som ein lyt ta seg god tid med, sjølv om sommaren er på hell.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Tesson får lesaren til å sjå at desse tekstane vedkjem oss den dag i dag.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis