Bok

Hendingar ved havet

Sjøskade er ein sterk roman der sansing er viktigare enn handling.

Eirik Ingebrigtsen har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Eirik Ingebrigtsen har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Publisert

Ein kulespegel, fritt svevande i verdsrommet, speglar alt lys som har rørt seg og framleis rører seg mot han, alt lys og all tid som har vore. Og det utan å ta i! Menneskehjernen er ikkje like blank og klår, han tek opp i seg mykje, både av det som har vore, og det som ikkje har vore, det som kan komma til å skje, og det som aldri må verta røynd. Og mykje anna. Særleg gjeld dette hovudet til Johs, som i den nye romanen til Eirik Ingebrigtsen er hovudperson i dobbel forstand, minst.

Teksten vert til i hovudet til Johs, lesaren har tilgang til tankane hans, og heldigvis er dette tankar som ikkje er støytande på noko vis. Flaks for Ingebrigtsen, tenkjer eg, for om han til dømes skulle skriva ned tankane mine dag ut og dag inn, ville boka ha vorte ein skandale. Så det er no flaks for meg også.

Folk og folklore

Kor som er: Johs har mykje å tenkja på, ikkje minst to ulukker ved og på havet. Og i havet. I den eine vart ein speedbåt delt i to, og Johs kunne ha mista både dottera Jill og faren Paal, men båe overlevde med mindre skader. Truleg er Johs den som er mest skada av hendinga, og av ei anna, ei dykkarulukke han var ute for sjølv. Etter dette er han redd sjøen, og han har skumle hallusinasjonar i tilknyting til slikt som har med havet å gjera, med element av folklore frå farne tider der teikn og varsel ikkje kom frå Meteorologisk institutt, men frå naturen sjølv, med skremmande langtidsvarsel for folk og fe.

Johs er marinbiolog, men på grunn av dei skakande hendingane har han vore sjukmeld i lang tid. No er han på veg attende til arbeidet, som han har, i dobbel forstand, tjuvstarta på. Utan lov har han så å seia kverrsett alt mageinnhaldet frå ein stranda gåsenebbkval og samla det ein stad hjå seg, for å føra statistikk over dette.

Johs bur no med faren og dottera, og det skjer ikkje så mykje dramatisk, anna enn at Paal og nokre sauer, mellom desse ein som heiter Tveiten, får flybensin i hovudet, og at sonen til ein usympatisk storbonde set ut gjeddeyngel i eit vatn og trur seg usedd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement