Bok
Hendene som vinkar på havbotnen
Hos Marit Kaldhol grunnstøyter ung kjærleik mot brutal røynd.
Marit Kaldhol har vore forfattar både for vaksne og for born i nesten førti år og fått gjæve prisar.Marit Kaldhol har vore forfattar både for vaksne og for born i nesten førti år og fått gjæve prisar.
Foto: Oyvind Eide / NTB scanpixFoto: Oyvind Eide / NTB scanpix
Roman
«Ein må jo rydde opp», var kommentaren som møtte meg frå enkelte eg snakka med i Chile i 1990, om brutaliteten under det nyleg avvikla militærdiktaturet som dei hadde levd under i nesten 17 år. For ein ung spanskstudent var det sjokkerande å samtale med folk som faktisk hadde støtta det blodige kuppet og dei uteljelege overgrepa.
Hovudpersonen i Marit Kaldhols bok røyner noko av det same på si reise til landet mange år seinare, Chile er framleis eit splitta land. Reisa hennar til Chile er ramma rundt ei forteljing om kjærleik og politikk, om sakn etter og uro for dei ein er mest glad i.
Kjærleik og politikk
Ein av dei kjende songane til den chilenske poeten og songaren Violeta Parra (som også skreiv songen som på svensk fekk tittelen «Jag vill tacka livet») heiter på spansk «Volver a los diecisiete». Teksten i songen handlar om korleis kjærleiken gjer alt ungt og nytt, men også har noko djupt sårbart i seg. Også hos Kaldhol er dei sterke kjenslene i ungdommen eit sentralt tema der det bitre blir blanda med det søte, lengt og lidenskap støyter mot den brutale røynda.
Året er 1979, staden Bergen og omland. Rut er 25 år, bur og jobbar på eit gartneri litt utanfor byen. Ein kveld på bar treffer ho Luis frå Chile og forelskar seg. Dei får eit forhold, lidenskapeleg og intenst, i nokre månader. Opplevingane som Luis hadde under diktaturet han flykta frå, kastar lange og mørke skuggar inn over kjærleikslivet. Etter kvart distanserer han seg stadig meir frå kjærasten, utan at Rut skjønar kva som hender. Har det med historia hans å gjere, eller gjeld det dei to? Luis blir borte for henne, ho må gå vidare i livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.