Heitt begjær ved islagt hav
Ingeborg Arvola held fram med soga om kvensk liv på 1800-talet.
Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Foto: Fartein Rudjord / Norla
Roman
Ingeborg Arvola:
Vestersand, band to i serien Ruijan rannalla: Sanger fra Ishavet
Cappelen Damm
Ingeborg Arvolas første bok om norsk-finsk liv midt på 1800-talet i Finnmark vart ein sensasjon då ho kom for to år sidan, ein bestseljar som også hausta mange prisar. For meg opna Kniven i ilden ei ukjend og fascinerande livsverd. Arvolas detaljkunnskap om dette for oss fjerne livet imponerte.
Også i den andre boka om livet til Brita Caisa Seipajærvi, tipptippoldemora til forfattaren, er den store styrken dei kulturhistoriske skildringane. Forfattaren gir oss rike detaljar om alt frå ymse konkret arbeid – fisketeknikkar, ullkarding, sauna- og byggjeskikkar – til meir usynlege, men like viktige element, som kulturelle kodar og reglar for takt og tone, tru og overtru.
Band 1 slutta med at Brita Caisa vart send i fengsel for utukt, eller «forargerlig samliv» som det heitte i dommen ho og kjærasten fekk. Ho møtte Mikko undervegs på den lange reisa ho la ut på frå heimplassen i Neiden mot finnmarkskysten på søking etter eit betre liv for henne og barna.
Mikko var gift, men gjekk likevel frå kone og storgard for å leve eit usikkert liv med Brita Caisa. Det er ikkje utan kostnad verken for dei sjølv eller dei rundt, men dei ofrar alt for kjærleiken. Mikkos forsmådde kone utgjer eit trugande og mørkt element, og dei sterke kjenslene hennar fører til ei av dei mest dramatiske scenene i boka.
Begjær
Vestersand opnar med at Brita kjem ut av fengselet, forkomen og gravid. I mørke og iskulde famlar ho seg fram utan å vite kvar ho kan finne ly, for vinden og for folkesnakket. Ho finn fram til gode folk hos sine eigne til slutt, men vegen framover mot lykka er full av hindringar.
Øvrigheita er framleis ute etter ho og Mikko, han er enno ikkje skild. Paret har likevel driv og vilje i seg og strevar seg framover mot målet om å få reist eit skikkeleg tømmerhus i utkanten av Pykeijä, det finske namnet på Bugøynes.
Livet i Finnmark midt på 1800-talet breier seg ut for lesaren også i dette bandet av serien. Men ei ny bok frå same miljø må by på litt meir nytt enn det Vestersand totalt sett gjer. Det gjeld også dei «dampande» sexscenene. Dei var friske og sterke i den første boka, og kjendest godt integrerte i handlinga. Denne gongen engasjerer dei mykje mindre og ber meir preg av eit pliktløp.
Tidleg i boka føder Brita barnet som har Mikko til far. Frå før har ho to søner, som ein vel ikkje kan påstå at ho har tatt seg så godt av. Den eldste av dei vil i periodar ikkje ha noko med mora å gjere. Det gjer sjølvsagt vondt, men er resultatet av Britas val om å følgje begjæret på kostnad av eigne barn.
Flat struktur
Med dette i mente må ein seie at Brita Caisa er ei problematisk heltinne. Ein kunne også seie at ho er interessant, kanskje gåtefull. I alle høve har Arvola skapt ei kvinnes som tilfører historiekunnskapen vår ein bit som eg nok ikkje er aleine om å ha mangla. I så måte er denne romanserien viktig og kjærkomen.
Som i Kniven i ilden har Arvola fest synsvinkelen til hovudpersonen sin. Når ho først har gjort dette grepet, burde ho ha gått lenger inn i Britas indre. Det er nemleg i dei brå innsiktene i hennar sinn og psyke, i dei framandarta og magiske førestillingane om korleis verda heng saman, at Vestersand fascinerer. Her lever også språket, blir originalt og rikt på vakre metaforar – som at gleda kan brette seg ut som ein ny duk, eller lykka lande som ein feit svane på eit vatn.
Eg stussar difor over kvifor forfattaren lar så mykje av handlinga skje i det ytre. Her følgjer scene på scene med dette vellet av personar som lesaren sant å seie ikkje heilt greier å halde styr på (sjølv om lista bak hjelper), og som slett ikkje alle kjennest nødvendige eller bidrar til noka stigning i spenning eller utvikling. Dette gjer dessverre romanen som heilskap nokså flat. Det drivet som den første boka hadde, vantar for ein stor del i Vestersand.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.