Bok

Heimlaus i verda

Eduardo Halfon vender stadig tilbake til bestefaren som overlevde Auschwitz.

Eduardo Halfon vart fødd i Guatemala i 1971 og flytta til USA med familien ti år seinare.
Eduardo Halfon vart fødd i Guatemala i 1971 og flytta til USA med familien ti år seinare.
Publisert

Den tyske forfattaren og juristen E.T A. Hoffmann (1776–1822) hadde i si tid som tilsett i det prøyssiske byråkratiet som oppgåve å gi tyske namn til jødar, slik at den jødiske identiteten kunne bli tysk, og denne krinsinga kring identitet speler Eduardo Halfon på gjennom fleire av dei seks historiene han presenterer i Signor Hoffman, på spansk i 2015 og den fjerde boka hans på norsk sidan 2018.

Han er sin eigen hovudperson i tekstar som prøver å fange inn ei «knust slektshistorie» der den polsk-jødiske bestefaren er ein slags mytisk gjennomgangsfigur i kraft av at han overlevde seks år i tysk fangenskap i Auschwitz, Monowitz, Sachsenhausen og Neuengamme, før han i 1945 kom seg over til New York og vidare derifrå til Guatemala, der han stifta familie og seinare sjeldan snakka om verken Polen eller krigsåra.

Derfor blir Halfons kunnskap om bestefaren fragmentert og prisgitt ulike versjonar alt etter svingingar i humør og stemning, for bestefaren forstod «at en historie vokser, den skifter ham, den sjonglerer på tidens slakke linje; han forsto at en historie egentlig er flere historier». Det er denne innsikta Halfon drar nytte av i årets bok og i andre bøker.

Seks historier

Det er seks historier i Signor Hoffman, og i alle er Halfon på reise, anten i Guatemala, USA eller Europa, og heile vegen er han på jakt etter ein identitet som kan knytast til ein nasjon eller eit heimland, men sjølv om han er frå Guatemala, kjenner han «ingen nostalgi, ingen lojalitet, ingen patriotisme». Det næraste han kjem, er eit vemod over at Guatemala tapte eit landområde til Belize i 1981, fordi dette forstyrrar det kartet han lærte seg å teikne som barn. Når han som vaksen er tilbake, kjenner han på «likegyldigheten til et helt land».

Denne likesæla blir han også møtt med når han under eit besøk i Italia blir presentert som «signor Hoffman», forfattaren som skal snakke om den polske bestefaren. Denne overflatiske og halvhjerta haldninga hos arrangøren provoserer han. Han kjenner at hans eigen identitet som jøde blir trakka på. Og dette fører han vidare til Polen, til Lodz, der bestefaren vaks opp i gettoen som nærast blei utsletta i holocaust. Han vil sjå huset der bestefaren budde, og så triviell er historia, at no bur det ei polsk pornostjerne der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement