Bok

Heilt sjukt

Med pandemien har vi alle blitt ekspertar på virus, smitte, hygiene og vaksineteknologi. Samstundes har mange blitt skeptiske til samarbeidet mellom styresmakter og helseindustri.

Publisert

I boka Frisk nok! Håndbok i immunforsvar har lege Anne Spurkland samla og presentert kortfatta og forståeleg informasjon om korleis immunforsvaret vårt verkar, noko som truleg er meint som ein vaksine mot vaksineskepsis og annan smittsam uforstand.

Forsvar med måte

Forfattaren er lege, professor i anatomi ved Universitetet i Oslo og spesialist på cøliaki, immunologi og autoimmune sjukdommar. Ho har før gjeve ut ei bok om immunsystemet, under pandemien har ho vore aktiv formidlar av fagkunnskap om immunforsvar og vaksinering. I den nye boka har ho sett opp to hovudtema: korleis immunsystemet er bygd opp, og kva ytre faktorar som kan påverke immunforsvaret vårt i god eller dårleg retning.

Omgrepet immunforsvar seier noko om at vi ligg i ein slags krig med miljøet rundt oss, Spurkland inviterer lesaren til å tenkje over om andre metaforar kan vere like gode. Ho har formulert det ho ser som målet til immunforsvaret, i tittelen til boka: frisk nok. Eit for sterkt forsvar vil føre til uansvarlege overreaksjonar som autoimmunitet og allergiar, i kampen mot framande mikrobar må det òg takast omsyn til kva kroppen tåler av forsvarstiltak, mange av dei symptoma vi kjenner som «sjukdom», er immunforsvaret sine eigne tiltak mot inntrengjarar.

Arv og miljø

Alle organsimar har ei eller annan form for medfødd immunforsvar, der ligg tidlegare generasjonar sin samla kunnskap om kva vi treng å verje oss mot, lagra. I tillegg vil alle levande skapningar utvikle seg i tett samarbeid med mikrolivet i miljøet. På overflata av skal, fjør, hud eller slimhinner har alle levande vesen naturlege mikrobesamfunn til vern mot etablering og formeiring av skadelege mikroorganismar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement