Bok

Havet gir og havet tar

Gøhril Gabrielsen har skrive ein roman om vekst og fall i nær framtid.

Gøhril Gabrielsen har skrive sju romanar, debuten i 2006 medrekna. Tre av bøkene er omsette til fleire språk.
Gøhril Gabrielsen har skrive sju romanar, debuten i 2006 medrekna. Tre av bøkene er omsette til fleire språk.
Publisert

Dei siste åra har klimaet blitt det store temaet i samtidslitteraturen, med Maja Lunde i spissen, i selskap med Carl Frode Tiller, Sara Sølberg, Bjørn Vatne, danske Theis Ørntoft og svenske Kerstin Ekman, for å nemne nokre namn.

Gøhril Gabrielsen er også opptatt av klima, naturtap, artsmangfald og endringar i livsgrunnlaget, her og no eller i ei tenkt framtid, slik tilfellet er med årets bok Etter oss.

I nord

Igjen tar ho lesaren med nordover, Gabrielsen er sjølv frå Finnmark, ut i havgapet til eit forblåst fiskevær og ein nedsliten fabrikk som har spesialisert seg på fiskepudding med mindre og mindre fisk i på grunn av sviktande tilgang på råstoff.

Ho bruker inga konkret tidfesting, ingen stadnamn, knapt nok personnamn, og forteljaren har heller ikkje namn, men er ei ugift og barnlaus kvinne på 43 år, tilsett som kontorsjef i familiefirmaet som faren Bjarne driv. Alt dette får meg til å tru at både landskapet, fiskeværet og fabrikken er kulissar og staffasje rundt noko anna som Gabrielsen vil formidle i allegorisk form.

Gøhril Gabrielsen har tidlegare fått ros for psykologisk teft og fingerspitzgefühl i mellommenneskelege relasjonar, og det er dette ho også speler på i årets bok. Far og dotter bur i kvar sin etasje på fabrikken. Slik har dei levd bak kvar sin fasade i årevis utan anna enn ein formell og forretningsmessig kontakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement