Bok

Har du fyr?

Til fyret er eit meisterverk om æva, augneblinken og den kjenslelause tida.

Virginia Woolf (1882–1941) debuterte som forfattar i 1915 og skreiv fleire vidgjetne bøker.
Virginia Woolf (1882–1941) debuterte som forfattar i 1915 og skreiv fleire vidgjetne bøker.
Publisert

Den dagen ein ikkje ynskjer å oppnå noko som helst, er ein, mildt sagt, over middagshøgda. Eit eller anna mål i livet eller berre i kvardagen kjem i alle høve godt med, skal ein få noko gjort. Har ein tenkt at ein ikkje skal gjera noko i det heile, er no det eit slags mål, det også, men eit lysande fyrtårn for eksistensen kan det knapt kallast.

I romanen Til fyret av Virginia Woolf, no nyomsett til nynorsk av Brit Bildøen og publisert i den storarta klassikarserien frå Skald Forlag, er det seks år gamle James Ramsay som gjerne vil til eit fyrtårn ein stad utanfor øya Skye i Hebridane. Han har alt no eit mål i livet, eit fyrtårn, dit vil han. Mor hans, fru Ramsay, seier at det kanskje kan verta noko av i morgon, medan herr Ramsay straks slår fast at det ikkje vert lagleg vêr, noko som får unge James til å kjenna eit glødande hat mot faren.

Refleksjonar

Familien Ramsay ferierer med andre på Skye, og romanen handlar stort sett om refleksjonar og assosiasjonar fleire av desse personane gjer seg, om seg sjølv, om ulike aspekt ved verda, og om kvarandre. Dette gjeld første og siste bolk av boka, der tida mest står stille. Men i den midtre delen rasar tida av stad, og perspektivet, som elles har hoppa frå hovud til hovud, ligg no dels hjå det tomme feriehuset i storm og vinter, og på ein måte just hjå tida, som utan kjensler skiplar alle menneskelege voner, seint eller snart, medan me i stutte bulletinar får høyra at den eine etter den andre av hovudpersonane er død. Frå første til tredje delen går det ti år, og turen til fyret vert det endeleg noko av, for somme av dei attlevande.

Dette er ein forvitneleg roman som med stort kunstnarleg medvit skildrar menneskesinnet som dynamiske og omskiftelege landskap. Kvar person har mange tankar i hovudet samstundes, og alle gruvlar på sitt. Fru Ramsay er mellom mykje anna oppteken av at middagen skal verta vellukka, medan den egosentriske filosofen herr Ramsay ottast at livsverket hans, bøkene han har skrive, ikkje vil stå seg for eller i æva. Han visualiserer ein mogleg karrierestig som reisa frå A til Z, og han meiner at han har nådd fram til Q. Men korleis kjem ein seg til R? Han finn diverre ikkje noko quick response (som er det QR står for i dag) på det spørsmålet, men han er no sysselsett.

Vakkert språk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement