Bok
Håpet til Kassandra
Nestekjærleiken har usikre kår i Ali Smiths vår.
Den britiske forfattaren Ali Smith er fødd i Inverness i Skottland, debuterte i 1995 og har vore finalist til fleire store litteraturprisar.
Foto: Angelo Carconi / AP / NTB scanpix
Vår er den tredje boka i Ali Smiths årstidskvartett. Som dei to første er romanen brennaktuell om enorme utfordringar i samtida, med størst vekt på flyktningkrisa. Bøkene gir lesaren ei sjeldan kjensle av å lese litteratur i «sanntid».
Som vanleg lèt Smith plot og karakterar bli prega av det fleirstemmige, noko ho er ein meister i. Her er eit mylder av både opne og skjulte referansar og samband. Kanskje var desse grepa eit lite hakk friskare og samstundes meir stringente i dei to første bøkene – eller er det lesaren som er blitt godt vand?
Smith er ein meister også i paradoks, og eg oppfattar Vår som fleire hakk mørkare og sintare enn Høst og Vinter.
Railmovie til Skottland
Richard Lease er ein tilårskomen filmregissør. Vi møter han først på ein jernbanestasjon i Skottland, etter at han spontant, men neppe tilfeldig, gjekk på eit tog frå London. Han har nyleg mista sin beste ven og kollega, smarte og kunnskapsrike Paddy, og er i djup sorg. Richards forteljing pendlar fram og tilbake mellom notida og tilbakeblikk til episodar med henne. Saman laga dei fjernsynsprogram som gjorde det stort, men dette ligg fleire tiår tilbake. No har Richard fått eit tilbod frå ein suksessrik nykomling i bransjen. Handlinga er totalt kontrafaktisk, men dei nye kreftene i TV-bransjen tar ikkje slike omsyn.
I Skottland møter Richard Brittany (Brit) og Florence, eit mildt sagt umake par. Brit er ei relativt ung kvinne tilsett i ein interneringsanstalt for flyktningar og asylsøkjarar. Smith syner oss kva ein slik stad og eit slikt arbeid gjer med empati og generelle haldningar. Brittany, som sjølvsagt peikar mot Britain, Storbritannia sjølv, har vant seg til å behandle dei internerte som annanrangs menneske og knapt nok det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.