Handlekraftige kvinner
Skildringa av lagnadene til dei tsjekkoslovakiske borna er utvilsamt det sterkaste i boka om kvinnene i Nansenhjelpen.
Representantar for Nansenhjelpens kvinner. Frå venstre Tove Filseth, Eyvor Lehmann og Sigrid Helliesen Lund.
Foto frå boka / Kagge Forlag
Sakprosa
Hilde Vesaas:
Nansenhjelpens modige kvinner. Med nestekjærlighet som våpen i kampen for jødiske flyktninger
Kagge Forlag
I den stadig meir omfattande og kritiske litteraturen om holocaust i Noreg er Hilde Vesaas ein forfattar som fortel historiene om dei som var viljuge til å setje sitt eige liv på spel for å berge andre. Tidlegare har ho skrive boka Carl Fredriksens Transport. Den ukjente historien om krigens største heltedåd (2017), men i år gav ho ut Nansenhjelpens modige kvinner. Med nestekjærlighet som våpen i kampen for jødiske flyktninger.
Kvinnene Vesaas vel å framheve, er Tove Filseth (seinare Tove Tau), Sigrid Helliesen Lund og Ingebjørg Sletten Fosstvedt, og gjennom dei vert historia til Nansenhjelpen fortald.
I kortaste laget
Ei av utfordringane med boka er at ho er kort. På 228 sider skal mykje historie formidlast. Det fører til at Vesaas sjeldan borar djupt i dei mange dramatiske hendingane. Med avgrensa plass gjer Vesaas eit godt val ved å setje søkjelyset på dei jødiske borna organisasjonen hjelpte.
Skildringa av lagnadene til dei tsjekkoslovakiske borna er utvilsamt det sterkaste i boka. Det er her boka verkeleg skin, og ein kan ikkje unngå å bli prega av historiene Vesaas formidlar. Det er hjarteskjerande å følgje reisa til borna og å lese om korleis dei tsjekkoslovakiske foreldra måtte gje avkall på det mest dyrebare dei hadde for å verne dei frå Nazi-Tyskland.
Etter reisa til Noreg i 1939 vart dei fleste borna fordelte på barneheimar og fosterforeldre i Sør- og Midt-Noreg. Skal vi tru Vesaas, fann dei fleste borna seg til rette, men ho poengterer at kjeldene ikkje nødvendigvis fortel heile sanninga.
Hilde Vesaas er lektor, litteraturkritikar og skribent. Ho har tidlegare skrive ei bok om Carl Fredriksens transport.
Foto: Astrid Waller
Dei tsjekkiske borna
Etter at Nazi-Tyskland hadde okkupert Noreg, vart rundt halvparten av borna sende attende til foreldra sine i det tidlegare Tsjekkoslovakia. I det mest interessante kapittelet i boka tek Hilde Vesaas opp kven som tok initiativ til å sende borna heim att. Kom initiativet frå Nansenhjelpen eller dei tsjekkoslovakiske foreldra? Her rettar ho eit kritisk blikk på Nansenhjelpen, men kunne med fordel ha utforska dette spørsmålet endå meir.
Vesaas meir enn ymtar om at initiativet kom frå Nansenhjelpen, til skilnad frå Sigrid Helliesen Lund som i eit intervju med Ragnar Ulstein i 1970 og i boka Alltid underveis (1981, side 105) er tydeleg på at Nansenhjelpen rett etter den tyske invasjonen av Noreg fekk brev frå foreldra til borna «med bønn om at vi skulle sende barna deres tilbake igjen».
Vesaas viser at Nansenhjelpen hadde teke kontakt med tyske styresmakter i Berlin vedgåande heimsending av borna medan kampane framleis raste i Nord-Noreg. Og dei skal i den samanhengen også ha teke kontakt med «samtlige foreldre for å høre hvordan de stiller seg til dette» (side 131). Var Sigrid Helliesen Lund oppriktig då ho etter krigen påstod at det var foreldra som tok initiativet?
I to høve nemner Vesaas at Nansenhjelpen vurderte Sverige som ei mogleg løysing for borna (side 131 og i ein rapport av Aslaug Blytt på side 136), men denne tråden vert dessverre ikkje følgd opp. På dette tidspunktet hadde ikkje Nazi-Tyskland eskalert forfølgingane av jødane til eit totalt folkemord, men Nansenhjelpen kjende utvilsamt til kor alvorleg situasjonen var for jødane i det tidlegare Tsjekkoslovakia. Det er difor synd at Vesaas ikkje vier meir plass til dette interessante sporet.
Antijødiske tiltak
Fleire gonger saknar eg ein grundigare gjennomgang av omstenda rundt Nansenhjelpens arbeid. Til dømes Nazi-Tysklands antijødiske politikk på slutten av 1930-åra og dei antijødiske tiltaka i Noreg under okkupasjonen. Ofte kjem slike avsnitt stykkevis og delt i teksten. Inntrykket det gjev, er at boka først og fremst er skriven for personar som alt kjenner tematikken og lét seg engasjere av den såkalla Marte Michelet-debatten.
Dessverre bringar boka lite nytt om kvinnene i Nansenhjelpens overgang til illegalistar og aktiv motstand i det okkuperte Noreg. Til Vesaas forsvar er kjeldesituasjonen her utfordrande. Likevel kunne nok Vesaas ha teke for seg nokre av spørsmåla som vart debatterte i etterkant av Marte Michelets Hva visste Hjemmefronten (2018).
Den siste boka om Nansenhjelpen er neppe skriven, men Hilde Vesaas har nok skrive ei bok mange vil finne engasjerande.
Sigurd Stenwig
Sigurd Stenwig er historikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.