Guru Malla!
Morosam katalog over det viktigaste ein kan leva utan i ein grå, men gyllen epoke.
Toklas (til venstre) og Stein i Søraust-Frankrike 1944. Handkolorert fotografi.
Foto: Granger/REX/Shutterstock
Roman
Gertrude Stein:
Alice B. Toklas’ sjølvbiografi
Omsett av Brit Bildøen
Skald Forlag
Aura er eit ord eg sjeldan tek i bruk om anna enn fisk, men eg lyt vedgå at somme menneske tykkjest å ha eit sterkare kraftfelt kring seg enn andre. Truleg er den viktigaste kraftkjelda ryktet om personen, såleis er krafta ikkje absolutt og målbar, men relativ og dermed – i sin essens – fiktiv. Med unnatak av særs massive personar, sjølvsagt, Einstein påviste jo i si tid at lekamar med stor masse gjer tid og rom krumt, noko som etter mi meining til dømes forklarar at Nicklas Bendtner faktisk var i offside då han scora eit mål som dei fleste meiner vart feilaktig annullert, mot Brann i vår. Ja, den naturen, den naturen.
Kasta lys og skugge
Gertrude Stein, som eg av ein eller annan grunn i mange år i tankane har tildelt pseudonymet Guru Malla, er for meg like massiv som etternamnet, men den tunge og robuste utsjånaden og ryktet om det overlegne intellektet hennar er som svart-kvitt-fotografi frå samtida hennar, eit grått bilete av den mest fargerike, nyskapande og glitrande epoken i den vestlege kulturen. Det åndelege rommet krumma seg kring Gertrude Stein på eit vis som i dag knapt er til å fatta, i alle høve om ein ikkje les Alice B. Toklas’ sjølvbiografi.
Som mange veit var Alice B. Toklas partnaren til Gertrude Stein, men ho skreiv ingen sjølvbiografi; boka handlar først og fremst om Gertrude Stein, som kasta lys, men også skugge, i ulik grad over og på alle som kom inn i gravitasjonsfeltet hennar, og det var den vestlege kultureliten i den første tredjedelen av 1900-talet. I Baker Street 221 B, nei, årsak, Rue de Fleurus 27 dukka dei opp, Picasso, Matisse, Hemingway og ei mengd andre, for å høyra med guruen Gertrude om kva ein skulle meina om det eine og det andre, ja, boka er ein parade av store namn, og det som vert oftast nemnt, er Gertrude Stein, medan det som knapt er å sjå, er Alice B. Toklas, som tidt hadde jobben med å underhalda konene til dei av genia som hadde koner, medan Gertrude Stein tok seg av konversasjonen med dei geniale.
Boka inneheld også forteljingar om tilhøvet mellom kunstnarane, korleis dei vekselvis hata og elska kvarandre og ofte eksponerte ein tragikomisk skort på perspektiv. Det som tyktest viktig for dei var jo, når alt kjem til alt, slikt ein kan leva utan og aldri sakna før ein får nyss om at det faktisk finst. Mangel på kunst er ein sjeldan dødsårsak.
Definisjonsevne
Kunst som veks fram or eit kunstnarmiljø er lik eit tre som berre lever av sitt eige lauvfall, om ikkje noko vesentleg kjem til utanfrå, og det gjer det absolutt i Alice B. Toklas’ sjølvbiografi. Det vesentlege er stilen til Gertrude Stein, tenkjemåten hennar, haldningane hennar. Ho er vittig på ein humørlaus måte som gjer det vittige vittigare, og ho har – eller hadde, får me vel seia – ein sjeldan eigenskap, nemleg definisjonsevne. Når ho seier at eit måleri anten kostar tre hundre franc eller tre hundre tusen franc, forstår ein straks kva ho meiner. Når ho seier om ein person at «han ønskte alltid å vita kva alle tenkte om alt for på den måten å finne ut kva han tenkte sjølv» kjenner ein på seg at ho har stilt ein særs presis diagnose. Så hadde ho då også studert medisin.
Brit Bildøen har gjort ein fin jobb som omsetjar, mellom anna ved eit teiknsetjingsregime som ligg nær idealet til forfattaren, og boka er rett og slett herleg lesnad.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er ein parade av store namn, og det som vert oftast nemnt, er Gertrude Stein, medan det som knapt er å sjå, er Alice B. Toklas
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.