Bok

Gullkorn i gråstein

Sveas sønn er ei god skildring av Folkhemmets vekst og fall.

Lena Andersson har skrive ei slektssoge om tre generasjonar i Sverige.
Lena Andersson har skrive ei slektssoge om tre generasjonar i Sverige.
Publisert

Tidene skifter, heiter det, men me treng stundom ei påminning om det, og om kor fort det går. Romanen Sveas sønn av Lena Andersson er ei slik påminning. Ei jente, Svea, går med far sin eit stykke på veg når han skal reisa til USA for å finna arbeid i 1912. Ho ser han aldri att. Svea veks til og vert mor til Ragnar Johansson, hovudpersonen i boka. Ragnar ser at det svenske samfunnet, Folkhemmet, er i god utvikling, og han vert tidleg ein overtydd sosialdemokrat. Sverige er eit fyrtårn for rettvise og klokt styre, kvart år byr på betre kår enn det førre. Ragnar kunne truleg ha vorte arkitekt, men han er litt smålåten, og sjølv om han utdannar seg til møbelsnikkar, er han nøgd når han får arbeid som sløydlærar. Utanom det vert han trenar i fleire ulike idrettsgreiner, mellom anna for borna sine, som han får med kona Elisabet. Alt er godt skildra, og den første presentasjonen av Ragnar, som ein eldre mann i 1999, syner oss ein mann som ikkje er heilt ulik hovudpersonen i filmen En mann ved navn Ove, ein stor og traust arbeidskar som nok tykkjer at samfunnet har gått i feil retning i det siste. Men totalbiletet av han er meir nyansert.

Definisjonsevne

Forfattaren slit med å få til Elisabet slik ho vil, det vert mange påstandar om henne, men måten ho ter seg på, står i motstrid med skildringa, det er eit døme på at ein ikkje alltid kan ha full kontroll over slike ein har dikta opp. Forfattaren seier at Elisabet lever i dur, at ho er full av glede og godt humør, men ho kan ikkje ha møtt henne, ikkje slik lesaren gjer, når ein tidvis ser at ekteparet Johansson kunne ha vore kandidatar til parterapi hjå Kevin Vågenes. I denne boka er den sterke sida til Lena Andersson ikkje å gje liv til karakterane, eller å lita på at det dei seier og gjer, er nok for lesaren. Andersson er ofte inne og kommenterer, men i kommentarane, som er forstyrrande for fiksjonen, er ho tidt på sitt beste. Ho har ei sjeldan gåve, nemleg definisjonsevne. Ho ser noko i samfunnet, analyserer det og finn formelen for det, som når Ragnar har innsett at det han vil kjempa for, er det vanlege, ikkje det overdådige, og heller ikkje vern av det avvikande: «Det virket ufrakommelig at så snart et menneske nådde de høyeste sfærer, ble det brått grepet av en umåtelig forståelse for alle menneskelige skavanker som tenkes kunne, bortsett fra vanligheten.» På same vis ser Ragnar at Olof Palme er ein framand, ein gjest, i arbeidarrørsla, mellom anna ved at han ferierer i ei hytte utan straum og vatn: «Bare fint folk bodde primitivt hvis de ikke var nødt.»

Utvikling

Ragnar, ursvensken, ein mann eg ser som ein gråstein med løynde gullkorn, vert såra når neste generasjon ikkje røyster sosialdemokratisk. Akk ja, slik er det. Utviklinga på dette området har vore endå tydlegare i Noreg, der ein stundom kan få seg til å tenkja at folk har meldt seg ut or solidariteten og inn i den private rørsla Navle-LO. Men berre stundom, sjølvsagt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement