I samarbeid med Leser søker bok gjev Samlaget ut serien Grøss og gru, ei samling lettlesne grøss for ungdom. Etter vel eit halvt års tid tel serien alt fem titlar. Bøkene ser ut til å ha ein klar ambisjon om å kombinere den lettlesne forma med litterær kvalitet.
Femte forfattar ut er Linn T. Sunne. Med erfaren og stødig penn forsterkar ho dette inntrykket.
Mia, Mattias og mamma flyttar inn i Gravgata 23. Mia leiker i dokkehuset i hagen. Mattias synest det luktar brent der inne. Om natta bråvaknar han av skriket til ei jente. Kven er ho? Kva vil ho?
Mareritt er ei forteljing i balanse. Truverdig nok til å engasjere, skummel nok til å skremme. Forfattaren vekslar saumlaust mellom indre og ytre spenningsdrivarar, og gjer eit høveleg utval mellom klisjeane sjangeren har i verktøyskrinet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.