Bok

Gøy med grønt skifte

Fakta

Ole Mathismoen og Jenny Jordahl (ill.):

Grønne greier

Vigmostad & Bjørke

«Den som kan litt om naturen blir glad i den og flinkere til å passe på den». Slik innleier miljøjournalist Ole Mathismoen og teikneserieskapar Jenny Jordahl første kapittel i Grønne greier. Boka har det som trengst for å fungere akkurat slik.

Ole og Jenny er figurar i sin eigen teikneserie. Dei vil finne ut korleis og kvifor klimaet endrar seg. Kunnskapen er systematisert i sju kapittel.

I ruter og bobler struttar scenene av forteljarglede og kunnskapsoverskot: Kvifor er edderkoppen så viktig? Kvar finst det kvite elgar? Kan det verkeleg regne meitemark?

Dynamikken mellom dei to figurane gjev ei effektiv og vellukka formidling, ikkje berre av kunnskap, men også av kjensler vi kjenner på i møte med klimaendringane: frykt og frustrasjon, mot og engasjement.

I min oppvekst var vi redde for hol i ozonlaget og sur nedbør. Eg kasta alle sprayboksar og fekk foreldra mine til å kjøpe ny vedomn. I stripa «Jordens solbrille er reparert», fortel Ole og Jenny at det nytta.

Grønne greier bør ligge under grøne tre om nokre veker. Her er 150 sider meiningsfull romjulsmoro for heile familien og eit motiverande kunnskapsgrunnlag for gode miljøforsett på nyåret.