Bok

Golfbanesår i gulrotland

Nå hogger de er ein original roman frå konfliktsona mellom brot og framhald.

Agnar Lirhus har skrive ti bøker etter debuten i 2005.
Agnar Lirhus har skrive ti bøker etter debuten i 2005.
Publisert

Det trygge finn me i det me kjenner til, det som har vore, det som har fungert, og me vil jo ofte vera i det trygge. Men det er tidvis smått med framdrift der, og me vil jo ikkje berre ha det godt, men betre, og då lyt ein stundom godta endring.

I romanen Nå hogger de av Agnar Lirhus er det gamle og relativt trygge eit gardsbruk ein stad i Noreg. Der bur bonden Gunnar Pettersen og kona hans, Sofia, og den vaksne son deira, Jon.

Hovudproduktet på garden er gulrot, men det går dårleg med drifta, og Jon har alliert seg med nokre grannar for å få til noko nytt, nemleg ei golfbane i staden for gulrotland. Foreldra er ikkje samde i slike endringar, særleg er Sofia ein motstandar av denne ideen.

Perspektiv

Men denne konflikten, det utvendige rammeverket i boka, er likevel ikkje det viktige. Heile hovudsaka er perspektivet, og det ligg hjå ein kar som heiter Knut Hovin. Han er truleg på alder med Jon og har budd ei stund i ei hytte i lag med mor si. Knut er ikkje heilt som andre, lesaren får tidleg inntrykk av at han har ei eller anna form for psykisk utviklingshemming, men det indre livet hans er likevel rikt og interessant, ikkje minst har han ein særleg kontakt med alt levande som elles vantar ord.

Stundom vert dette indre og løynlege livet hans litt for rikt og nyansert, ikkje minst har han der eit vokabular og ei assosiasjonsevne som aldri syner seg i tale eller slik handling som andre kan observera. Noko av det ordtilfanget han har inne i seg, men ikkje får ut, hentar han frå ei bok om himmelrommet, om solsystemet, stjerner og planetar, såleis har han lært seg ord som sentrum og sfære, og det høver ikkje heilt med personen Knut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement