Bok

Godt nytt frå Runde

Goksøyr pendlar mellom heimplassen og livet i storbyen.

Monica Goksøyr arbeider til dagleg som jurist i staten. No debuterer ho som skjønnlitterær forfattar.
Monica Goksøyr arbeider til dagleg som jurist i staten. No debuterer ho som skjønnlitterær forfattar.
Publisert

Den vesle øya Runde i havgapet på Sunnmøre har frå langt tilbake vore landskjend for eit rikt fugleliv med koloniar av lundefugl, alke, toppskarv og lomvi. Dei siste femti åra har øya også vore knytt til det såkalla Rundefunnet etter eit skipsforlis i 1725.

Det dei færraste veit, er at øya med vel hundre innbyggjarar også har fostra to forfattarar på nasjonalt nivå, og som om ikkje det var nok, så heiter begge Goksøyr: Odd Goksøyr (f. 1952) og Monica Goksøyr (f. 1990). I desse dagar debuterer Monica med novellesamlinga Slemme jenter. Begge skriv på nynorsk.

Psykologisk teft

Monica Goksøyr leverer sju noveller med vekt på jenter som barn, i pubertet og som vaksne. Tekstane er velskrivne, velkomponerte og med psykologisk teft for sinnets labyrintar. Fleire av novellene er små perler av skarp observasjon, kvardagsrealisme og røynslene med å vekse opp i eit bygdemiljø utan særleg toleranse for det som bryt med tradisjonane.

Monica Goksøyr har norsk far og thailandsk mor, og den rasismen ho har møtt i skole og arbeidsliv, er nedfelt i fleire av novellene. Det slarvet som blir levert rundt middagsbordet, finn ein fort att både i barnehagen og i klasserommet.

I opningsnovella «Sakna» skildrar Goksøyr den sorgreaksjonen som rammar May når ho får vite at barndomsvennen og ungdomskjærasten Phillip er sakna. Tidsperiodar og minneglimt, draum og realitet flyt over i kvarandre i ei pendling mellom heimplassen og storbyen. Når Phillip blir funnen etter ei veke, sluttar novella. Om han er død eller om han lever, må lesaren tenke seg til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement