Bok
Godt eller vondt?
Illustrasjon: Anders N. Kvammen
Ei jente spring heim frå skulen, låser seg inn i huset og gøymer seg i skapet. Ho pyntar seg med bestemor sin kjole og tek han ikkje av seg att.
I ein sparsam og barnleg forteljestil viser teksten kva jenta ser, høyrer, luktar og kjenner. Kvar ho er, og kva ho gjer. Men kvifor?
Noko har hendt. Vi får ikkje vite kva det er. Jenta i skapet gjev fleire spørsmål enn svar.
Dei detaljrike og nostalgiske teikningane kan hjelpe lesaren å kjenne seg att og forstå jenta i skapet. Anders N. Kvammens illustrasjonar minner om korleis barn utviklar streken sin gjennom oppveksten. Hus, rom og veggar. Hår, auge og munn. Alt er forma som av ei barnehand i utvikling.
Forfattaren Stein Erik Lunde tematiserer ofte traume og store vanskar i bøkene sine. Slik eg les boka, er ikkje dette ei slik historie. Ein stad mellom barndom og ungdom ventar ei endring, og for meg blir dette ei forteljing om tidleg pubertet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.