JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

God hjelp til å lesa Jon Fosse bok for bok

Det er klokt å ha Fyrebilsbibelen frå 1921 framføre seg når ein les bøkene til Jon Fosse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4812
20230428
4812
20230428

Sakprosa

Jan H. Landro:

Jon Fosse. Enkelt og djupt. Om romanane og forteljingane hans

Selja Forlag 2022

Jan H. Landro har nærlese bøkene til Jon Fosse over lang tid. I boka Jon Fosse. Enkelt og djupt tek han for seg Fosses romanar og forteljingar. Skodespel, lyrikk og fagprosa blir berre nemnde når desse kastar lys over romanane. Kvar roman blir drøfta for seg, kronologisk, med eit kapittel for kvar bok, frå Fosses første roman, Raudt, svart, i 1983, til den siste delen av sjubindsverket Septologien frå 2021.

Landro meiner at Septologien er «ei oppsummering av heile forfattarskapet» til no. Han set saman dei to Asle-figurane i verket som to utgåver av same person, men med ei spalting i det han kallar Asle I og Asle II, der omvendinga til katolsk lære skil den eine Asle frå den andre. Det er eit godt lesepedagogisk poeng.

Overskriftene til dei ulike kapitla i boka kan elles verke lite oppløftande. Overskrifta til kapittelet om romanen Raudt, svart er «Mot avgrunnen». Stengd gitar handlar om «Smerta i menneskelivet». Blod. Steinen er skildrar «Eit sinn i oppløysing», og Septologien samlar seg i overskrifta «På dødens terskel». Det er mykje mørker på ein gong!

Landro gir god hjelp til lesaren som tek for seg bok for bok. Tre gjennomgåande tema peiker seg likevel tydeleg ut i teksten hans. Det eine er korleis Fosse utviklar ein ny måte å skrive på. Det andre er Fosses teologi, slik han blir forma i romanane. Det tredje er Fosses fargelære, måtar han brukar måleri og kunsthistorie på.

Språk og skrivestil

Bak i boka står eit langt intervju som Landro har hatt med Fosse. Dette kan ein godt lese først. I intervjuet med Landro seier Fosse at han «set punktum når det kjennest rett og lèt det vera om det kjennest feil», presis slik alle i norsk skule får vite at dei ikkje skal gjere.

Fosse meiner at han først skreiv i det han kallar «den reine samnorske nynorsken», det språket som har «bølgje utan j». Det ser han på no som «språkleg vandalisme». Landro kunne ha utfordra Fosse på slike synspunkt.

Landro viser at det er ei tydeleg språkglede ved det Fosse skriv. Han peikar på at ved få ord og gjentakingar kan Fosse få fram ekko frå ein eigenarta bibelsk språkklang. Berre ved enkelt å skriva «eg ser» og «eg såg» kan språktonar frå Johannes’ openberring kome inn i teksten hans.

Teologi og modernitet

Bibelspråket får, som rimeleg er, stor plass i denne boka om Fosse. Det er ikkje mange forfattarar i vår tid som fornyar lesinga av Bibelen, slik Fosse gjer. Han vedgår at han først var tiltrekt av kvekarane, og så av katolske lære. Landro utfordrar han ikkje på det. Lesaren bør vite meir om korleis er det mogleg å gå frå kvekarane, som ikkje har sakrament i det heile, til katolisismen, som har så mange?

Landro viser også til at Fosses syn på norsk lutherdom og pietisme er negativt alt i den første romanen. Kva er det som gjer at andre norske forfattarar i samtida, til dømes Edvard Hoem og Paal-Helge Haugen, har eit heilt anna og ofte positivt forhold til norsk protestantisme? «Dogmatikk er ikkje for meg», seier Fosse til Landro, men liturgien har Fosse sans for, i både «kyrkja og diktinga». Som for Paal-Helge Haugen er Fyrebilsbibelen frå 1921 «ei av dei kjæraste bøkene» Fosse har. Det er klokt å ha han framføre seg når ein les Fosse.

Måleri og fargelære

Landro skriv at fargar alltid har «ein viktig plass» i tekstane til Fosse. I intervjuet seier Fosse at for han er Lars Hertervig «den beste norske målaren som har levt». Det er ikkje eit uventa synspunkt etter dei to Melancholia-bøkene. Den målaren Fosse i dag synest best om, ifølgje Landros bok, er amerikanaren Mark Rothko (1903–1970), «som målar flater i ulike fargar sette opp mot kvarandre». Fosse meiner at han har «eit kjærleikstilhøve til Hertervigs og Rothkos bilete». Det er noko sakralt med Rothkos siste måleri, ofte prega av jødisk mystikk. Eg har sjølv kjent suget frå Rothkos måleri i Tate Gallery i London.

Landro drøftar fargebruken hos Fosse. Raudt og svart er grunnfargar. Raudt er «eld og liv, svart er melankoli, død og angst». Andreaskrossen i Septologien er brun og lilla, der lilla fungerer som ein liturgisk farge.

Alt i første boka, meiner Landro, er kvitt knytt til angst. Kalde kvite kyrkjevegger og kvite frakkar i psykiatrien blir nemnde. Landro meiner at det «kvite har ein hypnotiserande verknad» på Asle. Det er ikkje til å undre seg over at Fosse alt i år, slik Landro viser til, gir ut ei forteljing med tittelen Kvitleik. Den boka bør ein ikkje lese utan å ha lese Melvilles kapittel om «The Whiteness of the Whale». Berre så det er sagt.

Øyvind T. Gulliksen

Øyvind T. Gulliksen er professor emeritus ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis