Bok

Glitrande bunadshistorie

Kvifor er bunad så stort i Noreg? Denne boka gjev deg svara.

Historia om korleis Hulda Garborg omforma dei tradisjonelle folkedraktene til moderne, tidsriktige bunader, er godt fortald i boka.
Historia om korleis Hulda Garborg omforma dei tradisjonelle folkedraktene til moderne, tidsriktige bunader, er godt fortald i boka.
Publisert Sist oppdatert

Bunadsbruk slik me kjenner det frå Noreg, er heilt unikt. Ein skal ikkje lenger enn til Danmark før det ville vore heilt utenkjeleg å kle seg i slike klede i konfirmasjonar, bryllaup og feiringar. Bak dagens populære bunadstradisjonar ligg ei rekkje historiske hendingar. Boka Kvinner i bunadshistoria tek lesaren med, peikar ut viktige hendingar, tidsepokar og personar og forklarar korleis det heile heng saman.

Å fortelja om bunaden gjennom historia til ti utvalde kvinner er eit godt grep. I tillegg til å verta kjend med kvinnene og arbeidet deira, får ein òg vita mykje om tida dei levde i. Til dømes handlar kapittelet om dronning Maud vel så mykje om Anna Jordals drakthandel i Odda, om framveksten av turismen der lokale folkedrakter vart kjøpte som suvenirar, og om den unge nasjonen sin trong for nasjonale symbol.

Diskusjonar

Camilla Rossing skriv i innleiinga at valet om å lyfta fram akkurat desse ti kvinnene var ei avgrensing det var nærast umogleg å verta samde om, og eit resultat av heftige diskusjonar internt i arbeidsgruppa. Det er ikkje vanskeleg å forstå. Nokre av namna er sjølvskrivne, som Hulda Garborg. Utan Hulda ingen bunad, og historia om korleis ho omforma dei tradisjonelle folkedraktene til moderne, tidsriktige bunader, er godt fortald. Garborgs etterfylgjar, Klara Semb, hadde eit litt anna syn på bunad enn Garborg. Medan Garborg ville at bunaden skulle vera tilpassa den nye tida, var Semb oppteken av respekt for drakttradisjonane og ynskte å vidareføra bunaden så uendra som mogleg. Mange av dagens bunadsdiskusjonar handlar òg om tilhøvet mellom endring og bevaring, og her finn ein fleire historiske parallellar i boka.

Andre namn er kanskje ikkje så kjende, men vel så spennande. Sjølv hadde eg stor glede av å lesa kapittelet om Gunvor Ingstad Trætteberg og arbeidet ho gjorde med å dokumentera den tradisjonelle draktskikken i Hordaland før denne gjekk ut av bruk. Ho var særleg oppteken av rituelle plagg, slik som handaplagget, og klede nytta til sorg eller høgtid.

Boka handlar òg om historia til Norsk institutt for bunad og folkedrakt, der forfattarane av boka jobbar. Dette kjem spesielt godt fram i kapittelet om Magni Karlberg, som i mange år var leiar av instituttet. Karlberg og instituttet har vore til uvurderleg hjelp for alle som har rekonstruert bunader. Når ein rekonstruerer, legg ein seg så tett opptil dei originale plagga som mogleg, når det gjeld både snitt, materialval og stilhistorie. Eit nøyaktig og spennande arbeid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement