Gledeleg gjensyn
Jonny Halberg skriv meisterleg om sinte unge menn og gamle mannfolk.
Jonny Halberg har skrive ti romanar, tre novellesamlingar, to filmmanus og ei rekkje artiklar, meldingar og essay.
Foto: Ann Kristin Aas
Noveller
Jonny Halberg:
Samlede noveller
Kolon forlag
Jonny Halberg har gitt ut tre novellesamlingar, dei to første på Oktober under namnet Jonny Berg: Overgang til tertiær (1989) og Gå under (1992), den siste på Kolon i 2016: Like nord for kirka. Nyleg kom dei ut som Samlede noveller.
Skitenrealisme er ei sjangernemning som gjerne er knytt til Jonny Halberg og ei rad andre mannlege forfattarar frå 1990-talet. Kyrre Andreassen, Morten Claussen, Per Petterson og Levi Henriksen er blant dei fremste. Det handlar om livet på bygda, her til lands eller i USA, som Morten Claussen dissekerer i Badlands-trilogien (2001–2004). Det typiske for denne sjangeren er det kontante språket, konfrontasjonane, det usentimentale, det maskuline temperamentet i eit samfunn der alt er i forfall, materielt og moralsk, samtidig som persongalleriet målber grunnleggjande verdiar kring rett og urett ut frå den situasjonen dei står i.
Fiktiv austlandsbygd
Hos Halberg er handlinga ofte lagd til den fiktive bygda Enevarg i Innlandet, ein stad som fort kan lokaliserast til Jørstadmoen, der Halberg sjølv voks opp, men det er ikkje så viktig; det finst mange Enevarg rundt omkring i dei indre delane av Austlandet.
Persongalleriet er alt frå barn og ungdom til godt vaksne mannfolk, men alle ber på ei eller anna tapserfaring dei vil gjere opp for, anten ved å vise fingeren, ved å slåst eller ved å knuse eit eller anna, for desse personane er ikkje særleg verbale av seg, men meir utagerande og med behov for å markere revir. Dei er outsiderar og særingar, godt innrøykte og med alkoholproblem, og ingen av dei kjem frå møblerte heimar.
Samtidig forstår dei sin eigen situasjon, dei forstår at dei er fanga i eit mønster og ei livsform dei anten må godta eller prøve å bryte ut av, komme seg bort frå, men same kor rotlause, rastlause og nervøse dei er, blir Enevarg det trygge og stabile med bilvrak, rustne traktorar, samanraste løer og hus som står på skakke. Bli hvis du kan, reis hvis du må er ein kjent romantittel hos Helga Flatland, men dei som prøver å bryte ut, vender fort tilbake hos Halberg, for det er i Enevarg dei høyrer heime.
Tilbakeblikk
Alle novellene er gode, men om eg skal løfte fram eit knippe som er svært gode, fell valet på «Svastika» frå debuten, om ein fest på lokalet der ein fyr stiller opp med eit hakekors på armen fordi han kjenner at reviret hans er truga av innvandrarar. Svært gode er også «Ragg» frå Gå under, om det ømme under ei hard overflate, og «Hjelpere», som med humor skildrar eit mislykka bankran. I Like nord for kirka er tittelnovella eit meisterstykke av stor skrivekunst, mens «Fekastad», skriven på dialekt, fører tanken mot Thure Erik Lund og dei raringane frå Modum som han omgåst.
Å lese Jonny Halberg får tida til å stanse og skru seg tilbake til den gongen bensinprisen var 2,90. Eit herleg gjensyn, både med bensinpris og stor skrivekunst.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alle novellene er gode.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.