Bok
Glasklår prosa
Det har vore ein litterær fest å lese dei tre bøkene av Rachel Cusk om Faye.
Alle banda i trilogien som Rachel Cusk har skrive om Faye, er no omsette til norsk.
Foto: Siemon Scammel-Katz
Den canadiske forfattarens genistrek har vore å skape ein hovudperson som ikkje blir definert gjennom kva ho seier, men gjennom kva ho ser og høyrer. I ein bortimot glasklår prosa er personar og miljø blitt sprell levande framfor auga våre. Det er rett og slett litterær magi.
Omriss, Transit og no Kudos har då også hatt ein enorm suksess verda over, ikkje minst her på berget. Kanskje er det greitt at festen er over. I denne tredje boka held ikkje Fayes skapar heilt på det same gnistrande overskotet som tidlegare.
Samtaler undervegs
Faye er ei kvinne i førtiåra, eller no kanskje bortimot femti. I den første boka er ho nyskild, i Kudos kjem det fram at ho er gift på nytt. Så mykje meir enn det får vi ikkje vite om Fayes kjærleiksliv. Berre litt meir innblikk får vi når det gjeld dei to sønene som ho har samtaler med over telefonen. Faye er stadig ei som lyttar meir enn ho snakkar sjølv.
Når det gjeld handlinga, liknar Kudos på Omriss, ikkje minst i opninga der Faye sit på eit fly mot Europa for å delta på ein litterær festival, og kjem i snakk med sidemannen. Anekdoten som kjem her, høyrer til blant dei mest fengslande sidene i Kudos. Sjølv om også denne siste romanen skildrar sterke og til dels kostelege møte med eksentriske menneske, kjennest ikkje grepa til Cusk riktig så friske som før.
Kvinneperspektivet har lege som ein definerande tråd i alle tre bøkene. Vi møter ein god del skuffa kvinner i Kudos. Dei er flinke og ressurssterke på alle vis, men med kjærleiken går det skeis. Store delar av boka skildrar ein stad sør i Europa (kva for land blir ikkje nemnd), der dei tradisjonelle strukturane mellom kjønna kveler kvinner som vil leve sjølvstendige liv – eller kverkar kjærleikslivet. I motsetnad til mennene kan ikkje kvinnene få båe delar. Ein meir enn anar eit ekko her frå Fayes eige liv, gjennom det vesle vi har fått vite i dei glimtvise episodane i dei to første bøkene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.