Bok

Gjer norsk fugleliv mindre gresk

Norsk kvardag og gresk filosofi går hand i hand når Jarle Rasmussen følger oss gjennom fugleåret.

Vipa opnar marskapittelet og er ein typisk fugl for jordbruksmarkene.
Vipa opnar marskapittelet og er ein typisk fugl for jordbruksmarkene.
Publisert

Ingen vil ta vare på noko dei ikkje bryr seg om, og ingen vil bry seg om noko dei ikkje har opplevd, skal David Attenborough ha sagt. I Norske fugler gjennom året inviterer Jarle Rasmussen oss til å bli betre kjende med fuglane. Grunnen kjem klart fram: Han meiner at den største trusselen mot naturen er «at vi ikke ser skjønnheten, at vi ikke elsker naturen og forstår den». Rasmussen får godt fram at også vanlege artar står i fare.

Teologen, pedagogen og forfattaren døydde sist haust etter å ha skrive ferdig manuskriptet til boka. Det har vorte eit verk rikt på kunnskap og smittande kjærleik til fuglane.

Klart og lett

Rasmussen tek føre seg seksti av fugleartane våre. I stor grad er dette artar nordmenn flest kan møte i nærleiken av der dei bur, altså i tettbygde strøk. Nokre av artane er sjeldne eller manglar i Nord-Noreg.

Boka er delt inn i tolv bolkar – etter månadane. Kvar månad har kapittel om artar vi gjerne ser og høyrer ei viss tid på året. Artane er plasserte i ei rekkefølge gjennom året som gir god meining. Dei fleste kapitla skildrar éin enkelt art over nokre få sider. Enkelte kapittel gaper over eit par artar i nær slekt.

Rasmussen skriv klart, lett og pedagogisk, og boka bør kunne treffe svært mange. Her står ikkje fagspråket i vegen. Unødvendig mykje av det som kjem fram i den løpande teksten, vert straks repetert i faktaboksar om artane på slutten av kapitla. På dette punktet burde forlaget ha redigert betre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement