Bok

Gjennom den skøyre skorpa

Klør er ein naken tekst om lengt etter merksemd og stadfesting.

Ida Frisch er romandebutant.
Ida Frisch er romandebutant.
Publisert

Når skaresnøen ber ein vaksen mann ved jonsoktider, vert det sein vår. Så seier eit gamalt ordtak, og i år skal du radt sjå me får sett det på prøve. Kor som er opplever vel dei fleste stundom at dei går på ei utrygg yte, og i den originale romanen Klør av debutanten Ida Frisch finst det ei jente, kalla Tomorrow av den namnlause hovudpersonen, som ottast at sjølve jordskorpa skal breste. Sjølv har ho nok trakka igjennom det sosiale golvet, ho er rusmisbrukar og tydelegvis utan noko eller nokon å halda seg til, med unnatak av ho som altså gav henne namnet Tomorrow.

Som eit langt dikt

Hovudpersonen, som Tomorrow visstnok kallar Søvn, fører ordet i boka, og ho gjer det i eit lyrisk språk med ujamn høgremarg. I grunnen er romanen skriven som eit langt dikt, men det har nokre moment av aktivitet, der subjektet plasserer seg i tid og rom i ei handling med utvikling og konsekvens. Teksten er naken, her er lite skildring av gjeremål, men desto meir biletlege uttrykk for det trivielle. Metaforen tek stundom aktøren sin plass, reaksjonen vert rangert over aksjonen, og språket verkar såleis somme tider noko affektert og konstruert. Men samstundes kjennest det rett å skriva slik Frisch gjer i denne romanen, for boka er ikkje ei forteljing om det ordinære, det er heller eit kunstnarleg uttrykk for fall frå eller gjennom det rasjonelle og ned i det meir og meir irrasjonelle, konkret om ei sinnsliding i skremmande utvikling, og biletleg ei fråsegn om samtida.

Hovudpersonen studerer til veterinær, men ho gløymer eksamen og rotar seg bort i eigne tankar og stundom forvirrande prat. Ho er sambuar med ein mann som er på veg til å gjera karriere som songar, han øver seg mellom anna på å skriva flotte autografar, medan ho lengtar etter meir merksemd, og ikkje minst etter stadfesting av at ho kan vera viktig for andre menneske, og komma på innsida av dei.

Sambuarskapen skrantar i takt med rasjonaliteten til hovudpersonen, og det lyriske språket tykkjest stadig meir høveleg til å skildra denne utviklinga. Samstundes er det også råd å lesa ein undertekst i denne skrifta, som kan vera tilsikta av forfattaren, eit resultat av intuisjon, eller berre noko som vert til i lesaren. I alle høve er det slik at totaliteten, altså hovudhandlinga, i grunnen er perifer, medan teksten er konsentrert om det partikulære. Heilskapen har tapt seg som interessant objekt, og dette er, sanneleg min hatt, eit godt kjenneteikn på tidsånda. Alt er her og no, ein lyt oppdatera heile tida, ideologiane har dårlege kår, kontinuitet er ubegripeleg. Det er altså ei utålmodig tid Frisch skriv om, ei tid for byrjingar, men ikkje framhald, ei tid for historier, men ikkje historie. Sagt på ein annan måte: Det er ei tid for galskap.

Samtidsbilete

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement