JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Georgia on my mind

Desse stilreine forteljingane inviterer lesaren til å dikta med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3615
20180817
3615
20180817

Roman

Jelena Botsjorisjvili:

Bare vente og se. Fire stenogramromaner

Omsett av Alf B. Glad
Solum Forlag

Når ein les namnet Georgia, vert ein straks skjegløygd på sinnet, ein ser både i aust og i vest. Det høver bra når ein skal lesa tekstane til Jelena Botsjorisjvili, som er frå det austlege Georgia, men busett i Canada, der ho skriv bøkene sine på russisk, utan at det hindrar at dei kjem ut på fransk først.

Knapt

Den uvanlege sjangernemninga har samanheng med stilen til forfattaren, ho skriv knapt og tidt med sprang mellom setningane. Ho fyller ikkje ut med detaljar, lesaren lyt sjølv stundom finna fram til det som ligg mellom nøkkelsetningane, og det er som regel ikkje noko problem når ein først er inne i den einskilde teksten. I innleiingane er det verre, for her vert det ikkje kasta bort mange ord på introduksjon, me er midt i handlinga, nokre namn vert nemnde, eller slett ikkje, og mellom dei nemnde og unemnde lyt ein leita seg fram til relasjonane.

Av dette skulle ein tru tekstane vart skrinne og karrige, men det er dei på ingen måte, derimot kan ein av og til oppleva at utviklinga av hendingane saknar annan motstand enn den stilistiske, somme vanskar løyser seg lett, slik det høver seg for den overordna dramaturgien, og personane tykkjest programmerte, kvar med eitt hovudtema eller ei sentral forteljing som definerer dei, til dømes i tittelforteljinga, der persongalleriet er postsovjetiske emigrantar, med von om å bli immigrantar, som fyller opp huset til ein snodig professor i Montreal. I ein annan tekst løyser det heile seg til slutt ved hjelp av det gode gamle aneurismetrikset, som var ein av favorittane til Jorge Luis Borges: Hovudpersonen døyr uventa. Noko av det same finn ein i dramatikken til Thomas Bernhard, og det er då alltid dødsfall som i liten grad verkar gripande på lesaren.

Komisk

Ein forstår såleis at forfattaren er ute etter noko anna enn medkjensle på vegner av personane, og hjå Botsjorisjvili kjem dette best til syne i den siste av dei fire stenogramromanane, Historien til et flygel, ein burlesk, komisk og saftig tekst om liv og lagnad mot endetida for Sovjetsamveldet. Her har me ei bestemor som eig eit flygel ingen spelar på, det gjer derimot teneste som møbel i ulike samanhengar, som bord under ei open likkiste, mellom anna, og dette poenget, som vel å merka ikkje vert poengtert, der den primære funksjonen til tingen vert prioritert lægre enn dei sekundære, er det sentrale i teksten, noko som inspirerer til ettertanke hjå lesaren. Hovudpersonen her, utanom flygelet, er jenta Fafotsjka, som lenge er brydd av di ho er flatbrysta, men som utviklar nokre skikkelege bomber, som det heiter i teksten, og elles veks seg smellvakker. Ho vert nesten gift tallause gonger, men alltid berre nesten, truleg av di ho ikkje nyttar same oppskrifta som bestemor Nadija: «Hennes egne uskjønne døtre og jentebarnebarn giftet seg etter ett og samme skjema: Den fremtidige frieren ble invitert hjem, ble drukket vanvittig full med vin og lagt til sengs. Neste morgen våknet han i Nadijas hus, og ved siden av ham, med håret utslått på puten, lå en kvinne. Nadija slo opp dører og vinduer og ropte: Herregud, for en lykke! Bryllup! Bryllup!»

Med andre ord: Endå om uttalen av namnet til forfattaren er ein nesten uoverkommeleg alkotest sjølv for dei mest edruelege, vil ein gjerne høyra meir frå Jelena Botsjorisjvili.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein forstår at forfattaren er ute etter noko anna enn medkjensle på vegner av personane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis