Leiar
Klarare tale frå Noreg
USAs president Donald Trump har mellom anna invitert Vladimir Putin til fredspanelet sitt. Her er Trump i Davos 22. januar.
Foto: Denis Balibouse / Reuters / NTB
«For våre allierte i Europa har Trumps trussel mot Grønland vorte eit langt meir presserande tema enn Russlands krig mot Ukraina», skriv Andrej Kurkov i dagens avis.
Kurkov skriv frå ein by i ein prekær situasjon. Ukraina har i januar vore råka av temperaturar ned mot 20 minusgrader. «Minus 13 grader, kjennest som minus 18», stod det om Kyiv på Yr.no onsdag kveld. I denne kuldebølgja har Putin og Russland bomba det dei har makta av kraftverk og elektrisitetsnett. Det er handlingar av rein vondskap der folk har døydd av frost fordi dei har mangla oppvarming i husa.
Samstundes har president Donald Trump invitert Vladimir Putin og presidenten i Belarus Aljaksandr Lukasjenka med i eit stort fredspanel som blant anna skal sikra fred på Gaza. Trump sjølv meiner han skal vera leiar for rådet etter at han har gått av som president. Røyndomen overgår nok ein gong fantasien.
Men det gjev ikkje meining lenger å analysera kva Trump måtte stå for til kvar tid. Vi treng heller ikkje reagera med det same på alle utspela. Han er uføreseieleg og ikkje til å stola på.
Talen han heldt i Davos onsdag, var nok eit døme på det. Og vi vart ikkje klokare etter dei tannlause spørsmåla som vår eigen tidlegare utanriksminister Børge Brende, no sjef for Davos-forumet, stilte i samtalen med Trump etter talen. Det var ein pinleg seanse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.