JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Geopolitikk er tilbake

Øyvind Østerud viser at geopolitikk er ei viktig analyseramme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fyrst og fremst er geopolitikk eit studium av interessene til stormakter og dei lange linene i rivaliseringa mellom dei.

5616
20211015
5616
20211015

Sakprosa

Øyvind Østerud:

Geopolitikk.
En nøkkel til stormaktspolitikken

Dreyer

Geopolitikk søkjer å forklare åtferda til statar og statsleiarar ut frå geografiske forhold. Øyvind Østerud, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og ein av Noregs mest allsidige veteranar i norsk samfunnsvitskap, har vore oppteken av geopolitikk i ein mannsalder. No har han skrive ei lita innføringsbok om emnet.

Denne læra er oppteken av ressursar, teknologi og lange historiske liner. Geopolitisk analyse legg vekt på korleis ressursane og klimaet som eit land er tildelt frå naturens side, formar samfunnet og økonomien til folket som bur der, korleis geografisk plassering legg til rette for transport, interesser, kultur og utsyn i eit folk, og korleis eit folk kan utvikle reiskapar og organisasjonsformer som endrar livsvilkåra deira – og korleis slike endringar skaper ringverknader i nabolaget: dei får andre folk til å reagere med samarbeid eller med frykt og motstand. Fyrst og fremst er geopolitikk eit studium av interessene til stormakter og dei lange linene i rivaliseringa mellom dei.

Geopolitikk var lenge uglesett. Tilnærminga var politisk ukorrekt i etterkrigstida. Men ho fekk ein renessanse etter at Sovjetunionen kollapsa, og etter at Kina stod fram som USAs viktigaste rival, både økonomisk, politisk og militært.

Barn av imperialismen

Læra var opphavleg eit barn av imperialismen. Geopolitisk analyse oppstod på slutten av 1800-talet blant ekspanderande stormakter i Vest. I Europa vart faget drive fram av britar og franskmenn som søkte å utvide og tryggje kolonivelda sine. I Nord-Amerika kom ein av geopolitikkens viktigaste impulsar på ei tid då USA var i kraftig endring av politisk integrasjon og økonomisk utvikling – og av draumar om å vere ei siviliserande stormakt i verda.

Eit av dei tidlegaste bidraga til geopolitikken blei utvikla av den amerikanske sjøoffiseren Alfred T. Mahan på 1870- og 1880-talet. Ideane hans inspirerte deretter europeiske akademikarar – og særleg geografane i kolonimaktene, som var redd for at faget deira skulle forfalle til eit reint kartografisk handverk, og som prøvde å gjere geografifaget til ein politisk relevant samfunnsvitskap.

Dei tre fyrste kapitla i boka er akademiske perler. Dei er korte og konsise presentasjonar av geopolitikkens natur og historie. Det fyrste kapittelet viser korleis ideane til Mahan inspirerte geografar frå mellom anna Storbritannia (som Halford J. Mackinder) og Tyskland (som Friedrich Ratzel og Karl Haushofer). Og at det var ein svenske (Rudolf Kjellén) som laga ordet «geopolitikk» rundt hundreårsskiftet. Andre kapittel viser at desse tidlege tenkjarane var prega av sosialdarwinistisk tankegods, og at ideane vart omfamna av tyske nasjonalistar i mellomkrigstida. Tredje kapittel syner korleis dette var med på å sverte ryktet til geopolitikken i vestlege land i åra etter krigen. Med Frankrike som eit viktig unnatak.

Østerud er godt kjend med den franske litteraturen og trekkjer på forfattarar som Yves Lacoste og Raymond Aron. Dette fører argumentasjonen hans ut over dei vanlege angloamerikanske diskusjonane. Det medverkar òg til at Østerud nyttar ein romsleg definisjon av geopolitikk, ein definisjon som trekkjer storstrategiske praktikantar som George F. Kennan og Henry Kissinger inn i feltet. Og som gjer Østerud i stand til å syne at geopolitikken fekk ein renessanse etter den kalde krigens slutt – ikkje minst i Russland, der Vladimir Putin, i dei fyrste åra sine ved makta, var påverka av nasjonalistiske geopolitikarar som Alexander Dugin.

Boka skifter gir midt i. Kapitla 4, 5 og 6 tek føre ein geografiske region: Midtausten, Arktis og Europa. Her støyter Østerud på vanskar. For sjølv om geografien er den same over tid, endrar geografiens politiske meining seg. Det er få direkte tips å hente hjå Mahan og Mackinder om politikk i det 21. hundreåret. Dermed må ein forfattar tolke ut frå nokre få, generelle retningsliner. Dette gjeld særleg for «Midtausten», for denne politiske regionen fanst ikkje då dei store klassikarane vart skrivne. Det var fyrst då verdskrigen slutta i 1919, at Midtausten voks fram; han blei til i ruinane etter det osmanske riket. Sidan har den teknologiske utviklinga endra både Midtausten og Europa; ho har knytt dei to regionane saman i innbyrdes avhengnad mellom produsentar og konsumentar av olje.

Viktig analyseramme

Geopolitikk er dermed ingen fullt utvikla teori om internasjonal politikk. Men Østerud viser at geopolitikk er ei viktig analyseramme – ein nøkkel til storpolitikken, som det heiter i undertittelen på boka. Det gjeld òg for dei storpolitiske endringane i vår eiga travle tid.

Mot slutten løftar Østerud fram tre faktorar frå denne analyseramma. Dei har gjentekne gonger ført med seg endring i menneskets politiske historie: energi, klima og pandemiar. Dette kapittelet er endå ei lita perle. Det er kort, men rikt. Og det tek føre seg dei lange linene i historia. Det minner om at mennesket alltid har søkt å sikre kjelder til varme og energi. At samfunnet deira er forma av klimaet der dei bur, men òg at menneskets aktivitetar endrar både bustad og klima. Og at bølgjer av pest, influensa og andre sjukdomar fleire gonger har vaska over verda og ført til store endringar i maktfordeling og sosial organisasjon. Energikriser, klimaendring og covid-19 er vår tids variasjonar over kjende tema.

Torbjørn L. Knutsen

Torbjørn L. Knutsen er professor ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet – NTNU.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei tre fyrste kapitla i boka er akademiske perler.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis