Bok

Genialt om nazistisk galskap

Kirsten Thorups tekst grip tak i lesaren og filleristar han.

Kirsten Thorup ein av dei mest lesne forfattarane i Danmark og fekk Nordisk råds litteraturpris i 2017.
Kirsten Thorup ein av dei mest lesne forfattarane i Danmark og fekk Nordisk råds litteraturpris i 2017.
Publisert

Sjeldan har eg lese ein fiksjonstekst frå innsida av nazismen som har gjort så inntrykk. Thorups tekst er stramt redigert og går tett på hovudpersonen, så tett at det kjennest som om lesaren sit inne i hovudet hennar. Der er det ikkje godt å vere i den tida romanen tar for seg, hausten 1942.

Harriet er ei ung dansk enkje, ektemannen fall som flygar for Waffen SS. Han verva seg til det tyske flyvåpenet fordi han, då krigen kom til Danmark, heldt med tyskarane, som han hadde slåst saman med i vinterkrigen i Finland.

I sørgjetida synest Harriet det verkar som ein god idé å reise til München til ei venninne, kome bort, sjå «det nye» Tyskland frå innsida, få trøyst. Vi møter henne først på togreisa sørover gjennom Tyskland. Alt der byrjar marerittet. Det ho er på veg til, er ei røynd så skrudd og brutal at ho snart trugar med å ta frå henne vitet.

Vanvettig normalitet

«Man venner seg til det», er venninna Gertruds standardfrase når Harriet reagerer på det ho opplever i det nazistiske München. Ute i byen blir ho vitne til brutaliteten mot jødane, og heime i overklassehuset den grove utnyttinga av «austarbeidarane», kvinner som er henta som slavar frå Ukraina og andre land i aust.

Her er livet til ei ung kvinne ingenting verdt. I eit middagsselskap valdtek mannen i huset og dei mannlege gjestene den unge tenestejenta den kvelden ho særs medteken kjem att etter ein illegal abort, etter tidlegare overgrep av dei same valdsmennene. Jenta døyr. Selskapet held fram. Berre så irriterande at nokon må vaske ned kjøkenet etterpå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement