JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Går ikkje i djupna

Hallvard Kjelen tek for seg ni av ti novellesamlingar av Laila Stien. Det blir for omfangsrikt i ei bok på 160 sider.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Laila Stien har skrive bøker i fleire  sjangrar.

Foto: Erik Poppe

2765
20230324
2765
20230324

Sakprosa

Hallvard Kjelen:

Ein lovsong til
trassen. Novellene til Laila Stien

Orkana Akademisk

Laila Stien har gitt ut verk innanfor fleire sjangrar, men det er framfor alt novella ho blir knytt til – og da særskilt med ein realistisk novelletradisjon, der søkjelyset typisk er på vanlege folk og livet deira.

Kritikarstanden tyr ofte til merkelappen «kvardagsskildringar» i møte med forfattarskapen hennar, men dette er ikkje Hallvard Kjelen, førsteamanuensis ved Nord universitet, samd i. I boka med den fine tittelen Ein lovsong til trassen peikar han på at det ikkje eigentleg er kvardagen som vert tematisert, men snarare «det strevet som ligg i å eksistera i eller rett etter krisen, etter at forståinga av at ein grunnleggjande sett er einsam, har gått opp for ein».

Boka har derfor som mål å utforske korleis novellene til Stien viser fram ulike kriser og overgangar som riv individet ut av kvardagen.

Sjølv om utgangspunktet er lovande, innfrir ikkje resultatet heilt. Grunnen er at det er eit svært omfangsrikt materiale Kjelen grip fatt i, når han tek føre seg ni av dei ti novellesamlingane til Stien. Gitt at ho har publisert nær 100 noveller, er ei tydeleg avgrensing av analytisk perspektiv heilt naudsynt for ei bok på knappe 160 sider. Men snarare enn avgrensing, inneheld Ein lovsong til trassen eit vidt spekter av tematikkar, så som diskusjonar av novelleteori, informasjon om kva avismeldarar har skrive om Stien, analysar av utvalde noveller og forsøk på å risse opp dei lange linjene i forfattarskapen.

Kvar for seg er alle desse vinklingane interessante, men fordi det rett og slett er for mange av dei, får Kjelen ikkje høve til å gå skikkeleg i djupna. Til dømes skriv han berre seks sider om samlinga Hjem til jul (2010), og to av dei handlar om avismeldingar. Med fire sider til rådvelde seier det seg sjølv at det som blir sagt om dei ulike tekstene i samlinga, blir heller overflatisk.

Rett nok er dette det knappaste kapittelet, men i og med at dei ulike analysane i boka gjennomgåande er korte, er det berre unntaksvis at Kjelen verkeleg lukkast med å få fram nye innsikter om novellene. Dette betyr ikkje at Ein lovsong til trassen er utan kvalitetar: Kjelen viser til dømes eit oppriktig og smittande engasjement for novellekunsten til Stien, samstundes som han skriv klart og tydeleg, utan hang til innfløkt akademikarprosa.

Men alt i alt burde boka anten vore ein god del lengre, eller så burde Kjelen ha snevra inn det analytiske interessefeltet: «Less is more», som ein seier.

Anders M. Gullestad

Anders M. Gullestad er første­amanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis