Fuglane veit kva fuglane veit
Vidar Sundstøl skriv nydeleg om veksande sorg og langsamt tap.
Vidar Sundstøl debuterte som forfattar i 2005 og har skrive ei rekkje bøker.
Foto: Baard Henriksen
Roman
Vidar Sundstøl:
Nattsang
Tiden Norsk Forlag
Laurdag 27. januar var eg, som vanleg siste helga i januar, med i hagefuglteljinga, der eg mellom anna fekk notert ein trekrypar. Deretter opna eg den nye romanen til Vidar Sundstøl, Nattsang, og las, ganske tidleg i boka, at eg-personen ein gong i barndomen drap ein trekrypar ved å skyta han med luftgevær, og dette sluttskotet for trekryparen vart startskotet for fugleinteressa til skyttaren. Vonleg får han tilgjeving for drapet, for det står jo i Bibelen at det ikkje fell ein sporv til marka utan at Herren veit det, men det står ingenting om trekryparar.
Han som skaut, er no ein vaksen mann, han har fått seg ei kone og ein son, men ekteskapet og familien er oppløyst. Lesaren får nokre glimt av relasjonen mellom far og son, der faren prøver å få guten interessert i ymse saker, utan særleg hell, inntil han får introdusert han for ornitologien. Ei stund har dei dette saman, men no, etter brotet, merker faren at guten ikkje lenger har den same interessa, og at dette, som var eit viktig kontaktpunkt, litt etter litt kverv. Det er såleis ei veksande sorg i livet til faren, eit tap som ovrar seg litt etter litt, og ein kan ana at dei to kjem til å gli heilt frå kvarandre. Men faren, som heile tida fører ordet, seier ingenting om tap eller sorg, det ligg berre føre i konstateringa av korleis ting faktisk er.
Velskriven
Dette er ei eksepsjonelt velskriven bok, der teksten er klår og gjennomtenkt. Det handlar på yta mykje om hovudpersonens interesse for og kunnskap om fuglar, og forståinga hans av naturen, av tid og historie, men sjølv om han berre ymtar sporadisk om tilhøvet til sonen, kjennest det som om det ligg attom alt han opplever, og at han går så djupt inn i det fuglerelaterte og somme tider doserer, nøytralt og klokt, om emnet, av di han då får tankane vekk frå det store tapet. Men så er det jo just ved fuglane det siste sambandet med sonen ligg. Det dei hadde saman, berre dei to.
Det er ikkje godt å seie kva fuglane veit, og kanskje er det like godt at me ikkje veit det. Somme av dei veit vel på eit vis korleis det er å ha ein song på hjernen, og det kan ein jo verta temmeleg ko-ko av, men dei er interessante av di dei er til, og av di fuglar er ei dyregruppe me lett kan observera, dei er så godt som alle stader, i mange utgåver, men dei vert sjeldan individ for oss, om dei då ikkje har eitt eller anna avvik frå det alminnelege for arten dei høyrer til. I romanen er det såleis den daude trekryparen som kjem nærast hovudpersonen. Daud mun du lite duga, står det rett nok i Håvamål, men her er det ved det avviket fuglen kjem så nær hovudpersonen at livet hans vert endra.
Klokt og klårt
Han er mykje ute om nettene, mannen i denne romanen, men viktigare enn kvar han er, er tankane han gjer seg. Ein får lyst til å sitera den eine sida etter den andre, lesa det høgt for einkvan, for det er så klokt og klårt, endå om det er natt i teksten. Det er også ei stor stille i boka, ingen fakter, aldri affekt, ingen konfliktar eller skarpe ord, aldri klagesong eller sjølvmedkjensle, og likevel er alt kjenslevart og mjukt, og ikkje minst innsiktsfullt.
Vidar Sundstøl har all grunn til å vera stolt over denne romanen, som lesaren ikkje opplever som privat, men likevel personleg på ein overtydande måte, og så god at ein helst bør lesa langsamt, for å få teksten til å vara.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er ei eksepsjonelt velskriven bok, der teksten er klår og gjennomtenkt.
Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.