Bok

Fridom under tvang

Tina Åmodt skriv med innsikt og innleving om pubertet.

Tina Åmodt skriv eit truverdig portrett av ei ung jente.
Tina Åmodt skriv eit truverdig portrett av ei ung jente.
Publisert

Ein sjøroman har normalt handling frå dei sju hav der aktørane er sjøfolk av alle kategoriar, alt frå førstereisguten til den garva krigsseglaren – havets proletarar med sjøen som yrke slik ein finn det hos Jon Michelet, Nordahl Grieg, Herman Melville, Joseph Conrad, Harry Martinson eller Jens Bjørneboe, for å nemne namn.

Når Tina Åmodt kallar den nye romanen sin, Doris, «en sjøroman», (for)tøyer ho sjangeren innaskjers om bord i ein yacht av luksusklassen der ho følgjer 14-årige Doris og faren Roy Arne Holmås eit par sommardagar i skjergarden ein stad på Vestlandet. Året er 2000, med tidsmarkørar som Baneheia-drapa i Kristiansand og Se og Hør med slarv om kronprinsen og aleinemora. Elles er det lite som viser at handlinga ligg 18 år tilbake i tid, men Tina Åmodt var sjølv 14 år denne sommaren, og det kan vere at ho knyter seg sjølv til teksten på denne måten utan å skrive sjølvbiografisk eller ut frå familiære forhold. Samtidig som handlinga er sett gjennom Doris’ auge, er det også ei kommenterande og korrigerande vaksenstemme som betraktar Doris utanfrå og i ettertid: «Doris er fanget i en begivenhetsfattig, foreldrestyrt tilværelse, i en forvokst kropp, med altfor kort, bleket hår som har grønnlig skjær etter alle timene i skolens hardt klorede basseng.» Dette doble blikket er gjennomført og utvidar forståinga av Doris’ livssituasjon.

Konflikt

Forholdet mellom far og dotter er ikkje det aller beste. Dessutan er foreldra i konflikt, og i sinne har Roy Arne Holmås reist frå båtvennene og segla sin eigen sjø saman med Doris. Bildet av faren er ikkje spesielt flatterande: ein nyrik oppkomling utan danning eller utdanning, ein som har tent gode pengar og gått frå den eine konkursen etter den andre; kanskje har han også noko forsikringssnusk i bagasjen. Sjølvrespekten hans ligg i materielle verdiar, og yachten «Doris» på 50 fot, med isbitmaskin, to bad og tre lugarar, toppar sjølvbildet som vellukka og brautande forretningsmann. Framstillinga heller nok litt mot karikaturen, ein kjem ikkje heilt innpå mannen anna enn at ein opplever han som nokså ufordrageleg og usympatisk.

Truverdig portrett

Skildringa av Doris er av eit anna kaliber. Her leverer Tina Åmodt eit truverdig portrett av ei ung jente i ei brytingstid der alt er nytt og spennande, sjølv om ho heile tida må passe på å tekkjast den humørsjuke faren. Kontakten med omverda skjer gjennom mobilen, men ho slit med dekninga, og det kan gå lang tid mellom kvar gong ho får kontakt med den 13 år eldre kjærasten. I mellomtida drøymer ho om kva dei har gjort og kva dei skal gjere. Ho lever i eit indre kaos av kjensler og fantasiar i leitinga etter faste haldepunkt og stabilitet i tilværet, og ho kastar seg begjærleg over alt som kan gi ei avveksling frå det monotone livet om bord på «Doris». Når ho møter Vera på 18, begynner ho å tenkje i større sirklar enn seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement