JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Framtida er alltid uskriven

Boka Radical Uncertainty er lysande sakprosa om korleis framtida løyner seg attom eit slør av fåkunne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Barack Obama følgde med på aksjonen mot Osama bin Laden 1. mai 2011.

Foto: Pete Souza / AP / NTB scanpix

5520
20200403
5520
20200403

Sakprosa

John Kay og Mervyn King:

Radical Uncertainty. Decision-making for an unknowable future

The Bridge Street Press, London (2020)

Du minnest sannsynlegvis fotografiet av president Obama og medarbeidarane hans i Det kvite huset medan dei fylgjer med på strøymde bilete og lyd frå militæroperasjonen som «tok ut» Osama bin Laden. Kor sikre var amerikanarane på at bin Laden heldt hus i bygningskomplekset som dei gjekk til åtak på? CIA hevda at det var 95 prosent sannsynleg at bin Laden var der. Dei fleste av rådgjevarane til presidenten trudde det var 80 prosent sikkert. Enkelte meinte sannsynet låg på mellom 30 og 40 prosent. Obama sjølv sa etterpå at alle desse prosenttala berre tilslørte kor gjennomstrøymande usikker avgjerdssituasjonen var. Til sjuande og sist gav han klårsignal til aksjonen vel vitande om at han tok ein stor sjanse.

Dette dømet på lesarvenlege avgjerdsprosessar er berre ei av ei mengd historier i boka Radical uncertainty. Decision-making for an unknowable future – over fascinerande 500 sider om uvisse, risiko og avgjerder krydra med anekdotar og sitat, tilvisingar til fag- og skjønnlitteratur, fotball og cricket, krig og kunst. Det nest siste kapittelet i boka byrjar elles med eit bibelsitat henta frå Paulus’ fyrste brev til korintarane (13:12): «For now we see through a glass, darkly». Forfattarane var inne på tanken om å nytta dei fire siste orda i setninga i boktittelen, men kom fram til at han vart for ugjennomsynleg, endå biletet er vasstett: Noko av framtida kan «sjåast», trass i alt. På norsk læt det same bibelordet, interessant nok, litt annleis: «For no ser me i ein spegel, i ei gåta». Den engelske omsetjinga ser i større grad framover i tid?

Odds og talfest sannsyn

Det er sosialøkonomane John Kay og Mervyn King som har skrive boka. Den sistnemnde er venteleg den mest namngjetne av dei. King var i ti år, frå 2003 til 2013, sentralbanksjef i Storbritannia og Nord-Irland. Dinest vart han adla. På papiret heiter han no Baron King of Lothbury.

Kay og King skriv at heilt sidan det 17. hundreåret har bruken av odds og talfesta sannsyn for ymse hendingar breitt om seg. Utgangspunktet var matematiske og statistiske analysar av ulike sjansespel, jamfør kron og mynt og rulett. På desse avgrensa områda var det meiningsfylt å rekna og tala i tal: Dei moglege utfalla er både kjende og klårt definerte, like eins sjansane for at dei (over tid) slår til. Men særskilt det økonomiske livet er annleis – meir særmerkt av radikal uvisse, meir prega av unike hendingar og fråvære av «underliggjande» naturlover og stabile mekanismar. Kva er sannsynet for ei (ny) global finanskrise om ti år? Svaret er openbert i det blå. Like usikkert er det korleis ho eventuelt kjem til å te seg.

Og Kay og King er særskilt kritiske til at økonomar i dag for det meste ser bort frå radikal uvisse og læst som om uvissa kan formast om til matematisk handterleg risiko – til noko som liknar på terningkast: kjende utfall med tilhøyrande sannsyn. Dei er ikkje minst skeptiske til gjeldande bankregulering dei siste tiåra. Sidan 1980-talet har Baselkomiteen for banktilsyn i Sveits vore det internasjonale samarbeidsorganet som i røynda har designa bankreguleringa i store delar av verda, inkludert EU og Noreg. Det er tankevekkjande å lesa komiteen verta omtala lett nedlatande som «flinke folk i Basel», og at desse har teke feil då dei trudde at uvisse kunne «handsamast» i form at talfesta sannsyn for ymse hendingar laust tufta på historiske røynsler. For røyndomen har vist korleis uføresette hendingar som får bankar til å gå over ende av di finansieringskjelder over natta tørkar inn, kan koma. Og kor sannsynleg var og er det vi opplever i skrivande stund?

Intellektuell fallitt

Sikkert er det at tidene skifter. For berre hundre år sidan la kjemper som John Maynard Keynes og Frank Knight vekt på at radikal uvisse er grunnleggjande innanfor økonomifaget. Men det har vorte «matematisert», og du kan ikkje rekna når det er tale om radikal uvisse, av di ho ikkje let seg talfesta. Kay og King omtalar økonomanes neglisjering av radikal uvisse som ein intellektuell fallitt i særklasse. I Keynes’ ånd slår dei òg fast at økonomar som berre kan økonomi, ikkje kan så mykje om økonomi.

Kjernepunktet i Radical uncertainty er at radikal uvisse rår grunnen når vi – einskildmenneske og huslydar, politikarar og andre – tek avgjerder som peikar frametter i tid: Vi veit rett og slett ikkje kva som ventar oss. Vi evnar ikkje å sjå klårt føre oss hendingsgangar og ulike utfall, langt mindre å talfesta odds for at moglege (og i utgangspunktet umoglege) saker og ting kan eller kjem til å henda. I staden må vi gjera som best vi kan – som menneskja alltid har gjort: vega ulike omsyn mot einannan, gjera vurderingar og bruka skjøn når vi tek framtidsretta avgjerder og ikkje minst tek sjansar.

Alt dette er ved fyrste augnekast common sense, altså sunt bondevit. Og sjølvsagt. Men bokskrivarane skriv innsiktsfullt og overtydande om korleis vi skal forstå omgrep som radikal uvisse, om kva som særmerkjer kloke avgjerder – vel vitande om at framtida heile tida sit med fasiten. Dette er sakprosa bortanfor terningkast.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og medlem av Noregs Banks representantskap.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kay og King omtalar økonomane si neglisjering av radikal uvisse som ein intellektuell fallitt i særklasse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis