Bok
Framifrå poesi
Lennart Sjögren er ein svensk poet som bør lesast meir.
Ein lysare eld presenterer nærmast eit lengdesnitt av forfattarskapen til den svenske poeten Lennart Sjögren (f. 1930), ein forfattarskap som strekkjer seg over seks tiår. Han debuterte på 50-talet, men dette utvalet på norsk konsentrerer seg om dikta frå 80-talet og framover. I 80-åra skjedde det ei endring i lyrikken til Sjögren. Han gjekk frå å vere ein slags kompromisslaus lyrisk realist, som kjempa mot alle tendensar til poetiske omskrivingar, til å bli meir spørjande og open.
Underleg uvant
Det er noko djupt originalt, underleg og uvant, men også uhyre vent med dei mørke setningane og innsiktene Sjögrens dikt rugar over. Versa er på same tid gåtefulle og uhyre krystallklare, og det er ikkje berre lesaren som kjennar at noko sviktar og glepp under han, det skjer jo også i dikta: «Ei natt krøkjer seg / rundt ei anna natt / kan det finnast ein stad her / som ingen annan stad kan finnast.» Dikta hans grev liksom under grunnen dei sjølv står på, dei er svimlande.
På trass av mørket, eller på grunn av mørket, handlar dikta også om – i positiv forstand – det utsette og truga mennesket. Natur, fuglar, tre, årstidsskiftingar og landskap er sentrale element. Men ein festar seg like mykje ved det dynamiske, dei skiftande perspektiva, der ein i glimt ser frå dyr eller vekstars synsvinklar, og ikkje minst der strofene fangar samspelet mellom mennesket og dyr. Det er prosaisk, gåtefullt, spørjande, men linene antydar også moralske problem: «No fell snø/ frosten veg liv og død/ Vi kjøper frø til fuglane/ og gift til rottene./ Dette lærer oss ein del om våre liv».
Sterk rytme
Skrifta til Sjögren set seg gjennom med ein sterk, standhaftig rytme, ein får inntrykk av kontroll og ei rørsle med klar retning. Likevel tyt spørjinga, undringa, undergravinga, den eksistensielle smerta fram, som så å seie bevegar seg motsett veg, eller rører seg nedover eller oppover.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.