Bok
Framferda er ein spegel
Valdskyldskapane er eit meisterverk om drift og konvensjonar.
Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832) måla av Karl Josef Raabe i 1814.
Skald held fram med klassikarserien sin, og no kjem Goethes roman, Valskyldskapane frå 1809, framifrå omsett av Oskar Vistdal.
Boka handlar om baronen Eduard og kona hans, Charlotte, som har alt, til og med lukke. Eduard har i tillegg ein gamal ven, ein kaptein som for tida vantar høveleg sysselsetjing, og Eduard vil invitera han til baroniet, for å bu der og hjelpa til med ymse planer, noko Charlotte er ambivalent til, av di ho nok har ei aning om at ein slik person på eitt eller anna vis kan komma til å skipla harmonien deira, men ho tenkjer også på å invitera heim fosterdotter si, Ottilie, og så vert det slik at båe dei to vert inviterte, i førstninga til fagnad, men seinare til sut.
Tenar for tanken
Eduard vert forelska i Ottilie, og liknande kjensler oppstår mellom Charlotte og kapteinen. Det kjem til eit førebels oppgjer mellom Eduard og Charlotte, og som alltid elles i boka er replikkvekslinga å lesa som ein stafett av briljante føredragshaldarar, men sjølv om praten er ordrik og vidfemnande, er han samstundes effektiv, så det er ei lise å lesa. Og her kjem me til det som for meg var den største lesaropplevinga, og det var språket omsetjaren Oskar Vistdal har nytta. Nynorsken er her eldre enn seg sjølv, klassisk i ordtilfanget, men likevel ikkje arkaisk i forma, i alle høve ikkje meir enn i originalutgåva. Det er språkbruk som gjer sinnet reint, for slik kan ein ikkje ordleggja seg på slump, tunga er tenar for tanken og ikkje ein reiskap for geip.
Stort er det å sjå at Goethe nok ser Charlotte som den aller klokaste mellom jambyrdige, men i skrift vert ho utfordra av den elles smålåtne Ottilie, som skriv dagbok. Notata hennar i den boka syner at ho er eit universalgeni av Goethes kaliber, noko ein i dag kan nytta som innvending mot romanen, for det tærer noko på truverdet, men det er likevel gildt å lesa slikt, for ho uttrykkjer seg tidt aforistisk med ein visdom som lesaren straks vil gjera til sin eigen, sjølv om han knapt vert vørda i verda vår. «Framferd er ein spegel der alle viser biletet sitt», skriv ho mellom anna, og det er ikkje mindre sant to hundre år etter at boka vart til. Skilnaden på då og no er at folk no snakkar og skriv slik det fell seg, og utan skam. «Ingen er større træl enn han som trur seg fri utan å vera det», skriv ho også.
Meisterverk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.