JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Frå såpeopera til stor forteljing

Mímir Kristjánsson syner korleis Jon Michelet går frå å vera ein mediekjendis på venstresida til det forfattaren meiner er ein folkets helt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jon Michelet (1944–2018) fekk fleire prisar for bøkene om krigsseglarane.

Foto: Gitte Johannessen / NTB

5983
20211022
5983
20211022

Sakprosa

Mímir Kristjánsson:

En folkets helt

Kagge Forlag

Denne meldaren har den føremonen at han for det meste har vore så borgarleg reaksjonær at han i liten grad har følgt med i livet til Jon Michelet, ein som høyrde heime i ei lita politisk sekt med lite makt. Likeins har eg vore så mykje av ein litterær snobb at eg ikkje har lese noko av det Michelet har skrive. Men det gjer at når det no er komen ein biografi om mannen, har eg uskuldig friske auge.

Mímir Kristjánsson (heretter på islandsk vis berre Mímir), forfattaren av biografien, har det derimot vore umogeleg å sleppe unna eller ikkje lesa: journalist, forfattar (eg har meldt to bøker av han, ei med slakt og ei med ros), TV-kjendis (Farmen), og no til og med valt inn på Stortinget. Sjølv seier han: «I det meste her i livet har jeg prøvd å etterligne Jon Michelet. Hvorvidt det har lyktes, det får andre bedømme.» Så kan ein undra om han har tilstrekkeleg avstand til den han skriv om.

Men har han eigentleg lukkast i etterlikninga? Brukar Mímir kvit dress, og har han bart? Ikkje som eg har sett. Har han vore utru mot og med nokså mange kvinner? Ikkje som vi har vorte fortalte. Har han fyllekøyrt og vore i fengsel? Vanskeleg, ettersom han nyleg strauk til køyreprøva. Og er han like mykje kommunist som Michelet?

Ifølgje han sjølv er han det berre på fredag kveld. Partiet hans Raudt ser òg ut til å vera ulikt Michelets AKP: meir ein litt hardare versjon av SV.

Vagabond

Så sjølv om Mímir har varm sympati for Michelet, har han hatt god nok avstand, noko som viser seg i ein del lettare ironiske kommentarar undervegs. Og faktisk, når forteljinga kjem i gang, vert avstanden så profesjonelt stor at Mímir ikkje står i vegen for henne.

Eg gløymde raskt at det var han som er forfattaren. Det kjem òg av at forteljinga og Michelets liv i seg sjølv er så innhaldsrikt. Ho kan synast å etterlikna ein pikareskroman, det vil seia ei forteljing som er sett saman av mange korte episodar snarare enn å vera ei einskapleg forteljing, men halden i hop av at ho handlar om pícaroen, ein omreisande, munter og eventyrlysten vagabond, noko Michelet synte seg å vera.

På sitt beste gjev slike forteljingar oss avslørande bilete av dei ulike sidene ved det samfunnet dei går føre seg i. Forest Gump er ein pícaro, om enn ein passiv slik. Michelet har derimot ikkje vore passiv, like lite som Don Quijote. Til dømes har dei båe gått til åtak på vindmøller.

Episodar

Her er ei oppramsing av episodar tekne med i biografien: Michelet veks opp på Larkollen i huset til den fallerte familien til mora. I neste episode veks han vidare opp i farens kunstnarmiljø på Ekely, som er beste vestkant. Så jobbar han på hamna som sjauar, men tek gymnas på ein privatskule, dreg til sjøs som dekksgut, vert marinesoldat på kongens skip, går sjømannsskulen og vert styrmann. Går i land og vert radikalisert under 68-oppgjeret. Går på journalistskule. Får jobb i Nordlys i Tromsø, og reiser til Svalbard. Så til Hamar som journalist i ny avis. Vitjar Maos Kina, Vert med i AKP (m-l), jobbar i Forlaget Oktober. Skriv kriminalbøker. Reiser til Svalbard for å avsløra sovjetarane. Vert sjølvproletarisert på brygga. Hamnar så i Kringkastingsrådet. Reiser til fleire Fotball-VM og skriv bøker om det saman med Dag Solstad. Flyttar til Zambia. Går på jakt i Afrika. Vert vald inn i Østfolds fylkesting for Raud Valallianse. Mislukkast i forsøk på å verta vald inn på Stortinget på Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet. Jobbar som journalist i mannebladet Vi Menn. Vert mislukka TV-programleiar i realityprogram. Vert redaktør i Klassekampen. Vert sjuk og flyttar attende til barndomsheimen på Larkollen. Puh.

Undervegs i alle desse episodane får vi høyra om mange kvinnehistorier, to ekteskap og fire døtrer med tre kvinner, mykje utruskap, drikking, slagsmål og fengselsopphald, ikkje berre for fyllekøyring, men òg for gateuro. Slik kan dette livet meir sjå ut som ein såpeopera enn ein pikareskroman.

Røyndomen

Men desse trivialitetane vert overskridne både av røyndomen sjølv og av Mímir, som får auge på at livet og forteljinga om Michelet likevel i det skjulte er ei stor forteljing i aristotelisk forstand: Der byrjinga inneheld slutten, og slutten byrjinga, og der episodane i midten utviklar seg mot ein fullbyrdande, ikkje tragedie, men i dette tilfellet lukkeleg slutt. Slik som i Dantes komedie. Eller for så vidt i ein Hollywood-film.

For alt i dei første episodane, der Michelet er til sjøs og treffer på krigsseglarar, får han ein draum om å skriva den store boka om desse krigsoffera. Og dei bøkene han i staden skriv, er forsøk på å verte ein dyktig nok forfattar til å skriva nettopp denne boka. Eit edelt ønske. Det er berre å ta ein tur opp i Årvollåsen i Oslo, der ein framleis kan sjå spor etter steinskjula dei alkoholiserte krigsseglarane søkte ly under etter at kommunen hadde rive treskura dei hadde bygd.

Lenge lukkast ikkje Michelet med bøker om temaet. Inntil han ein dag får tilsendt ei dagbok skriven av ein krigsseglar. Og alle ting fell på plass. Og med imponerande arbeidskapasitet får han ferdig seks store band i serien En sjøens helt frå 2012 til han døyr i 2018. Bøkene vert eit monument over krigsseglarar, omfamna av kjøparar av 750.000 eksemplar. Og dei gjer at Michelet til slutt bryt ut av rolla som mediekjendis, og som innelåst i ei ekstrem venstreside, og vert En folkets helt, som er det passande namnet på biografien.

Som det skulle vera klårt ut frå dette: Mímir har lukkast med å laga ei flott bok lenge før førebiletet hans klarte det. Denne gong har han levd (litt) opp til namnet sitt (kjempa som vakta på Odins visdom).

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mímir har lukkast med å laga ei flott bok lenge før førebiletet hans klarte det.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis