Frå pandemi til poesi
Truls Horvei er blant dei få lyrikarane her i landet som skriv haikudikt.
Dikt
Truls Horvei:
Noen gram stillhet
Kapabel Forlag
Noen gram stillhet er delt i fire delar. Første delen omhandlar diktarens oppleving og tolking av ulike sider av pandemien. Andre avdeling inneheld meta- og haikudikt, medan alle dikta i del tre byrjar med «En dag». Fjerde og siste bolken er sett saman av ulike dikt. Trass i ulike dikt er samlinga motivmessig knytt saman ved at det første og nest siste diktet i boka handlar om farens bortgang.
Musikalsk biletspråk
«Noe program som forfatter har jeg ikke, bortsett fra at jeg ønsker å løfte på hverdagene, spre noen metaforer og bilder og drysse mild melankoli til leserne», har Horvei uttalt. I Noen gram stillhet gjer han nettopp det. Både den knappe forma til haikudikta, det musikalske bildespråket og melankolien finn vi att i mange dikt i denne samlinga.
Men vi finn òg lengre prosalyriske tekstar. Som hjå surrealistiske forfattarar nærmar lyrikk og prosa seg kvarandre i mange av tekstane til Horvei. Andre dikt kan ha eit episk preg, men er likevel prosalyriske på grunn av bruken av lyriske verkemiddel. Originaliteten i bildespråket, dei treffande observasjonane og tolkinga av tilværet gjer Noen gram stillhet til Horvei si beste diktsamling så langt.
Mange dikt har sentral-
lyriske motiv. Diktsamlinga opnar med eit dikt om gravferda til faren, om sorga og saknet etter han. «Denne aprildagen går vi inn i/ der sorgen ligger under og over/ hverdagene, verden er nesten/ nedstengt …» «…men det går over, det går/ over en dag i den skjøre/ framtiden.
Alt er endra. «Stillhet» vert ei negativt ord. Skrivinga vert terapi: «jeg driver og ordlegger tilværelsen min/ mens du går toppturer/ for å komme i balanse med deg selv.» Kontrasten mellom mørke og lys er gjennomgåande i desse dikta. Horvei er ingen melankolikar. Lyset, håpet vinn til slutt: «Hvem vil være i mørket når det finst en lysbryter?»
Modernistisk form
I nokre dikt reflekterer han over Guds eksistens, i atter andre kan han vera politisk. Her er òg metadikt og dikt med allusjonar til andre diktarar, som Henrik Ibsen, Sigbjørn Obstfelder og Jan Erik Vold. Mest handlar dikta om korleis diktar-eget oppfattar og tolkar den verda han lever i.
Siste diktet i samlinga heiter «Blues for 2020/2021». Blues er melankoliens musikk. Slik sett passar dette diktet tematisk godt inn i samlinga. Sluttlina går slik: «jeg er lei selv om solen fremdeles skinner og gyldne døgn fins.» Trass i all uvisse kring pandemien, er det optimisme i dikta.
I Noen gram stillhet har Horvei lukkast med å allmenngjera eigne erfaringar og observasjonar ved pandemien og tilværet i eit rikt poetisk språk. Det lyriske språket, dei treffsikre metaforane og det kreative bildespråket elles gjer at boka bør fengja mange lyrikkinteresserte.
Arne Sunde
Arne Sunde er norsklektor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Noen gram stillhet har Truls Horvei lukkast med å allmenngjera eigne erfaringar.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.