Frå kriminalromanar til rein poesi
Vidar Sundstøls korttekstar undersøker grensene for sjølvet og språket.
Vidar Sundstøl slo gjennom med første boka i Minnesota-trilogien og fekk Rivertonprisen i 2008.
Foto: Paal Audestad
Roman
Vidar Sundstøl:
Hullet han
krøp ut av
Tiden
«(…) enda et mislykket forsøk på å sette neglene i virkeligheten, den glatte, unnvikende kødden som truer med å skli ut gjennom vinduer og dører, inn under huset vårt, og omgjøre det til en luftputebåt som kjører av sted med kursen satt for en verden ingen av oss aner hva inneholder.»
Slike prosalyriske avsnitt er det mange av i Sundstøls bok. Boka har fått merkelappen «roman», og ho fungerer som ei samanhengande forteljing, men teksten er bygd opp av korte tekster med stor poetisk kraft.
Den tidlegare krimforfattaren har sjølv hevda at han har gått lei av ein sjanger der plottet tar nesten all plass i den skapande prosessen. Det skal vi vere glade for, og han må gjerne gå vidare på den litterært sett meir utfordrande vegen som Hullet han krøp ut av viser at han beherskar.
Ein mystisk trekant
Vi er i eit mørkt og upersonleg landskap, der det innimellom er vanskeleg å skilje mellom det draumeaktige og det realistiske. Det er eit eg utan namn som fører ordet. Han lever med «kvinnen», og dei har eit barn saman som blir kalla nett det – «barnet» eller «gutten». Andre personar er «legen», «terapeuten» og «pedagogisk personale».
I tillegg er det enda ein figur som blir stadig tydelegare og meir påtrengande utetter i forteljinga. Denne skapningen byrjar som eit minne og ein dimensjon, men manifesterer seg til slutt i rommet – om enn kanskje berre merkbar for forteljaren. Det er ei tidlegare utgåve av hovudpersonen vi møter, den han var i eit lykkelegare og i alle fall meir produktivt og dynamisk liv enn det livet han no lever, då det meste verkar å ha gått i stå. Med denne ekstra mannlege skapningen får vi ein slags mystisk trekant. Her er rom for fleire tolkingar. Kanskje handlar det om at hovudpersonen må møte sitt tidlegare eg, slik Inger Hagerup seier det i diktet «Alt er så nær meg»:
Dypt i mitt hjerte
åpner seg rom etter rom.
Alt som er nær meg
gir meg et klarøyet svar.
Nå kan jeg rekke
hånden til henne jeg var.
Å vere stengd ute
Det er tydeleg at hovudpersonen er i ferd med å miste grepet. Han er ein forfattar som ikkje skriv lenger. Han har mista kontakten både med seg sjølv og med kvinna han lever saman med. Berre med sonen verkar det som om han glimtvis har noko som liknar ein meiningsfylt relasjon, samstundes som nettopp sonen kanskje er noko av årsaka til tilstanden hans. Sonen er nemleg eit barn med store utfordringar.
Det er sterkt skildra. Likevel er nok ikkje det å leve med eit tungt diagnostisert barn hovudtema i denne romanen. Enda meir handlar det nok om grenser mellom ein sjølv og andre, og ikkje minst mellom den ein er og den ein gong var. I dette feltet ligg også nokre nøklar til den skapande krafta.
Han som fortel, har ei skrivesperre like alvorleg og livshemmande som diagnosen til sonen, og er «stengt like ubønnhørlig ute fra den teksten jeg så møysommelig hadde skrapet ut av meg gjennom flere år, som en ferdigsonet fange fra sine kvadratmeter med stillhet». Å skrive ei ny bok blir likna med eit brotsverk – «for å slippe inn i stillheten igjen».
Heldigvis for oss verkar forfattaren av Hullet han krøp ut av å ha funne den stilla han treng for å skape potente tekstar.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er bygd opp av korte tekster med stor poetisk kraft.
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.