JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Frå helvete til velferdsstat

Ei aktuell og grundig, om ikkje heilt objektiv bok om den store religiøse innsovninga i kongeriket Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6040
20201106
6040
20201106

Sakprosa

Pål Repstad:

Religiøse trender
i Norge

Universitetsforlaget

Religionssosiologen Pål Repstad har skrive ei bok som «undersøker vekselspillet mellom religiøst liv og samfunnslivet generelt, hvordan samfunnet påvirker religionen, og hvordan religionen påvirker samfunnet» i Noreg dei siste 50 åra. Det er ei bok som treffer tida godt. Forlaget vonar det kan verta ei pensumbok, men ho har større allmenn interesse. Det kan forlag og forfattar takka framveksten av ein ny religion i Noreg, nemleg islam.

Eg ville tru at utan islam ville den utviklinga som Repstad finn i dei ulike kristne kyrkjene, likevel stort sett ha gått føre seg, men stillare og med mindre merksemd. No tydeleggjer konfliktane kring islam på nytt sentrale verdiar som toleranse, ytringsfridom og religionsfridom, etter at vi i samband med handsaminga av kristendom for det meste har etablert semje om dei. Vi hadde gjort oss ferdig med blasfemisk krenking lenge før islam kom til landet: Øverland vart tiltalt og frikjend i 1933.

Einskildtrendar

Det Repstad gjer, er å studera einskildtrendar i denne utviklinga. Med trend meiner han ikkje ein overflatisk mote, men «en vedvarende tendens over tid, en strømning som kan være mer eller mindre sterk». Til slutt ser han på korleis trendane samverkar. Kanskje mest kontroversielt meiner han at dei trendane han har funne, gjer seg gjeldande i alle dei religiøse tradisjonane vi finn i Noreg. Han reflekterer òg over drivkreftene bak trendane.

Det er likevel tydeleg at trendane berre kan skiljast frå kvarandre gjennom abstraksjon, og dei påverkar kvarandre heile tida. Dessutan er trendane ikkje heilt likestilte: Sekulariseringstrenden må vel vera den overordna og viktigaste trenden. Men her er Repstad meir nyansert enn vi andre. Vi ser vel på sekularisering som at religionar får mindre politisk og kulturell makt, det Repstad kallar samfunnsmessig sekularisering, til dømes at statskyrkja no er avskaffa. Medan Repstad dessutan skil mellom sekularisering på individnivå, som vel er det same som ein overgang frå konservativ til liberal teologi, og intern sekularisering: at religiøse organisasjonar legg mindre vekt på det hisidige til fordel for til dømes klima og innvandring. Luther avskaffa skirselden, Schjelderup helvete, medan paradiset er omgjort til ein CO2-fri velferdsstat.

Inne i denne veven finn Repstad fleire trendtrådar. Privatisering: at religionen trekkjer seg ut av det offentlege og berre vert ein del av individets indre liv. Individualisering og subjektivisering: at religionen vert utforma av den einskilde, utan styring av autoritetar, slik som i Märtha Louises englereligion. Pluralisering: noko som byrja alt med avskaffinga av konventikkelplakaten på 1800-talet, og som i dag viser seg i utalet av trussamfunn som får statsstøtte. Politisering: til dømes når religion krev at nestekjærleik skal styra kor mange som skal hentast inn frå Moria-leiren. Polarisering: her meiner Repstad at det er media og høgrepopulistiske politikarar som er skuldige i auka konfliktnivå.

Sekulær påverknad

Ein trend som Repstad er særleg interessert i, er det han kallar estetisering, ettersom det er «en trend som mange vil mene resulterer i en ’snillere’ og mer tolerant religion». Med dette meiner Repstad at religionen legg hovudvekta på gode emosjonelle opplevingar (song, bilete, glorete bispekåper, dans etc.) framfor dogme, altså større vekt på kjensler enn på stram rasjonell (skolastisk) tenking. Men om dette fører til sekularisering eller motverkar polarisering, er han usikker på.

Den siste trenden Repstad ser på, er liberalisering. Her tenkjer han på «en tilnærming til allmennkulturen, enten vi ser på alkoholbruk, seksuell praksis, kulturkonsum eller likestilling mellom menn og kvinner». Dette vert eksemplifisert av at halvdelen av bispekollegiet no er kvinner, og at homofile kan verta gifte i Den norske kyrkja. Dette kjem, ifølgje Repstad, i stor grad av påverknad frå det sekulære samfunnet.

Desse trendane vert grundig gjennomgått med mange eksempelforteljingar og ikkje minst med bruk av vanlege sosiologiske metodar, som intervju med representative personar og spørjeundersøkingar. Boka er lett og godt skriven utan overdriven akademisk terminologi. Trend-omgrepa vert godt forklarte. Mi attgjeving rører berre ved overflata av teksten. Les sjølv!

Innvendingar

Samstundes har eg nokre åtvaringar. Objektivitet og nøytralitet i sosiologien har vore drøfta sidan Weber. Her kan sosiologar likna på journalistar. Jau, dei brukar data, men desse vert tolka og valde ut frå verdiane til sosiologen/journalisten. Eg er tilhengjar av at sosiologen skal gjera klårt kva verdiar han eller ho har. Det gjer ikkje Repstad. Men vi har internett, og frå ein artikkel i Vårt Land går det fram at han har vore og er (?) ein gamal kristen-sosialistisk 68-ar.

Noko vi kan sjå i teksten. Eksempel: På side 84 refererer han til ei undersøking som viser at éin av tre har «utpregede fordommer mot muslimer». Men kva er fordommar i denne samanhengen? Eit anna døme: Repstad gjev att Listhaugs negative karakteristikk av religiøse leiarar berre med skjellsordet «godhetstyranner». Men det finst langt meir sakleg og detaljert kritikk av dei. Medan oppramsinga av positive karakteristikkar strekkjer seg over seks setningar. Generelt får eg inntrykk av at Repstad gjev ei overdrive harmoniserande framstilling av tilhøvet mellom islam og resten av samfunnet.

Til sist vil eg som filosof protestera mot denne (funksjonelle) definisjonen av religion: «Religion er alle forsøk på å gi livet mening, særlig stilt overfor vanskelige forhold som lidelse og død.» Stoikarane var vel ikkje religiøse? Eller eksistensialistane? Dette er vel eit forsøk på å la religion invadera sekulær filosofi?

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er lett og godt skriven utan overdriven akademisk terminologi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis