Bok

Frå arbeidarklassen til eliten

Tajik frir til sine eigne, med ei bok der Ap-nestleiaren presenterer seg sjølv som heil ved.

Hadia Tajik (Ap) i den munnlege spørjetimen på Stortinget onsdag i førre veke.
Hadia Tajik (Ap) i den munnlege spørjetimen på Stortinget onsdag i førre veke.
Publisert

Det har vore mykje snakk om grøn velur etter at boka Frihet. En politisk og personlig historie kom i salshyllene. Det er vanskeleg å servere tolkingar av framsidebiletet som overgår dei fantasiane folk alt har presentert, så eg nøyer meg med å slå fast at bøker utgjevne av toppolitikarar, alltid ber preg av sjølvpresentasjon. Det gjeld ikkje minst innsida av denne boka.

Tajik har skrive ei bok der ho først og fremst frir til sine eigne. Og med sine eigne, meiner eg Arbeidarpartiet og omland. For å seie det slik: Ein har ikkje pløgd gjennom meir enn sju sider før ein sit og les om EL og IT Forbundet i Rogaland, arbeidskriminalitet og hennar eigne månadlege møte med LO i heimfylket.

Familiehistorie

Ved å presentere brotstykke frå eige liv presenterer Tajik også erfaringar som mange i fagrørsla vil kunne kjenne seg att i. Far hennar var arbeidsinnvandraren og sveisaren med jobb i oljeindustrien som kanskje drøymde om noko meir. Han kjøpte ein daglegvarehandel i bygda Bjørheimsbygd utanfor Stavanger, som mora tok ansvaret for då økonomien kravde at han tok sveisarjobb igjen. Tajik har vakse opp i Distrikts-Noreg, og ho har vakse opp i arbeidarklassen. Ho kastar ikkje mjølk som er utgått på dato. Ho veit kva ein liter mjølk kostar.

Med familiehistoria si plasserer Tajik seg sjølv midt i Arbeidarpartiet, der ho vil vere. Samtidig viser ho fram ein tilleggskompetanse færre i toppolitikken har. Ho snakkar både urdu og farsi. Ho kjenner den pakistanske kulturen og den muslimske trua. Og trua bruker Tajik god plass på i boka. Ho er ganske konkret. Ho fortel at ho ikkje fastar under ramadan, men at ho har gjort det tidlegare. Ho fortel at ho veit korleis den rituelle bøna skal utførast, men at ho ikkje praktiserer henne. Ho skildrar guden ho trur på, i opposisjon til den guden både konservative kristne og muslimar ser ut til å tilbe: «Det er mulig din Gud er sexist, sjåvinist og homohater – men det er ikke min. Hun er raus.»

Det er som om Tajik vil svare på alle spørsmåla folk måtte ha til trua hennar ein gong for alle. Som om ho strekkjer ut ei hand til dei som måtte nære skepsis til ein muslimsk leiar; dei treng ikkje vere redd henne. Tajik trakkar ikkje på mange tær i boka si, men mørkemenn får kjenne det, anten dei ber til Gud eller Allah. Tajik har vakse opp i bibelbeltet og peiker på parallellane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement