Bok

Fotball som treng raseri

Trass i litt mykje pludring i starten, gir Smith oss tidvis skinande fotballitteratur.

Publisert

Det er ikkje så rart at Nils Henrik Smith har vorte ein ypparleg fotballskribent. Alt då han var 13 år, starta han på den karrieren, om enn den gongen mest for skrivebordsskuffa. Han reid på ein veldig entusiasme. Den entusiasmen hadde Jon Michelet og Dag Solstads fotballbøker tent i han.

Eit eige kapittel i boka, og indirekte eitt til, er vigd Solstad og Michelets fabelaktige VM-bøker der dei leikent og innsiktsfullt skreiv om fotball, sosial og politisk kontekst, og seg sjølve. Det same gjer Smith. Han fører tradisjonen til Solstad og Michelet vidare.

I 1994 hadde Smith, då 13 år, fått med seg alle VM-kampane frå USA-VM direkte eller i opptak. Ofte i stille nattetimar åleine i TV-sofaen medan dei fleste andre hadde gått og lagt seg. Heime og elles der i bustadfeltet på Bryne merka han seg viktige hendingar og noterte dei i notatboka si. Det vil seie: Det mangla éin kamp på at han hadde fått sett alle kampane. Oppgitt og arg måtte fotballskribenten in spe konstatere at NRK i 1994 rett og slett ikkje synte VM-kampen mellom Saudi-Arabia og Marokko. At det går an!

Ingen nybegynnar

Forfattaren er ingen nybegynnar i faget. Smith er prislønt som skjønlitterær forfattar og etter kvart ein erfaren skribent i fotballmagasinet Josimar, og gav i fjor ut ei kritikarrost sakprosabok om straffesparket. Skriveevna hans ser ein ikkje berre i det presise språket, men endå meir i måten han brukar seg sjølv til å skape nærleik til stoffet på utan at det er påtrengjande. Det er snarare tvert imot, Smiths eg-forteljingar gjer stoffet medrivande.

Boka har 17 kapittel. Forutan ein nyskriven tekst om EM har boka 16 tidlegare utgitte artiklar, i hovudsak journalistiske reportasjar i Josimar. Desse handlar om fotballhendingar i Europa, om einskildspelarar eller fotballtema som til dømes kvifor vi er glade i norsk fotball. Mange kapittel har karakter av reisereportasjar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement