Fortast mogleg opp att
Ingrid Senje går tett på, men tør ikkje dykke langt nok ned.
Ingrid Senje er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har tidlegare publisert tekstar i antologiar.
Foto: Samlaget
Noveller
Ingrid Senje:
Stupeteknikk
Samlaget
Ingrid Senje er debutant og har skrive ei samling på ni noveller. Tittelen på samlinga er relevant for alle novellene. Det handlar om ting vi alle balar med når noko står på spel, og det blir viktig å halde ei rett linje og eit støtt svev – i sorga, i nære relasjonar, i eit gryande begjær.
Det er sjeldan alt klaffar og ein presterer det perfekte stupet, der ein skjer «som ei pil gjennom vatnet», glir «som ei saks gjennom silke». Sitata er frå tittelnovella, som har nokre linjer innvovne frå ein manual for nettopp stupeteknikk. Her står det også: «Nokre stuparar trivst godt under vatn, mens andre vil fortast mogleg opp att.» Det siste slår meg som eit bilete på eit problem som nokre av desse novellene har.
Brutale ungjenter
Senje skjer ut tydelege situasjonar der nokon står ved kinkige val og dilemma – eller berre ikkje greier å kommunisere med dei aller næraste. Språket er jamt over presist, og forfattaren går tett på.
Debutanten meistrar òg den stramme komposisjonen som ei novelle skal ha – einskap i tid, stad og rom. Tittelnovella er ei av dei beste i samlinga og har fleire slike tette rom, både fysiske og mentale.
Heilt unge Anna (alder ukjend, men kanskje 12–13) er på stupetrening. I løpet av den kvelden vi følgjer henne, kjenner ho seg pressa frå fleire kantar. Bak ein glasvegg står ein streng stefar og stirar inn. Anna veit at bilturen heimover vil vere tung av dømande kommentarar.
Dei andre jentene i treningsgruppa har sett seg ut Anna som mobbeoffer. Anna trassar likevel alt dette, det største presset ho kjenner på, kjem innanfrå: Ho vil bli sett av trenaren. Ikkje berre det, begjæret er såpass sterkt at ho lokkar han til å ta på seg.
Her står teksten og dirrar, så mykje står på spel for den pur unge, og lesaren undrar: Blir dette ei metoohistorie, eller kanskje ei soge om incest? Eg skal ikkje røpe slutten, teksten er spennande og loddar djupt.
Gode og poengterte er òg to noveller som handlar om par på reise: «Det siste hotellrommet» og «Straumar i vatn». Langt heimanfrå blir problem og misforståingar tydelegare og meir akutte. Alt står i fare for å ramle saman om ein ikkje greier å nå fram til den andre. At vassmotivet går att i fleire noveller, lagar ein fin heilskap for samlinga.
Ein sår situasjon er også godt skriven fram i «Slepp», om ei hjelpelaus mor som ikkje veit kven ho skal vere for barna sine når faren deira ikkje vil meir. Endå sterkare er «Når det nærmar seg» om ei dotter som misbruker den makta ho no – i motsetnad til tidlegare – har over broren, når far deira ligg for døden.
Ikkje djupt nok
I fleire av tekstene meiner eg Senje likevel gjer ein gjennomgåande feil: Dei gode anslaga fislar ut i ein inkjeseiande slutt. Om ein tekst har ein verkeleg poengtert «punchline» som avslutning, ser lesaren heilskapen, handling og tematikk i nytt lys. I riktig gode noveller kan ein til og med oppdage verda litt på nytt. Her blir det motsett, den tamme slutten gjer veikskapar tidlegare i teksten tydelegare.
Forfattaren skulle ha orka eller våga å «tyne» personane sine litt lenger, skrudd til skruen endå eit par hakk, så endå meir stod på spel for dei. Det er som om ho ikkje heilt tør å kaste seg ut i eit verkeleg dristig stup.
I neste bok vonar eg Ingrid Senje tør å kaste seg ut på endå djupare vatn. Ho har vist at ho meistrar den rette linja, det ho manglar, er det høge svevet.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forfattaren skulle ha orka eller våga å «tyne» personane sine litt lenger.
Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.