Bok
Forsvarsfienden som vart forsvarsven
Hadde vi fått vite meir om personen Fredrik Monsen, kunne det ha kasta meir lys over problemstillingane han reiser.
Fredrik Monsen var lærar, journalist og politikar for Arbeidarpartiet. Han var forsvarsminister i to regjeringar, odelstingspresident i 1935 og stortingspresident i åra 1945–48.
Foto: NTB scanpix
Da arbeidarpartipolitikaren Christian Fredrik Monsen (1878-1954) fylte 70 år i april 1948, kommenterte ein journalist at Monsen mislikte sitt «kongelige» førenamn i den grad at han omtala seg som Fredrik, etter kvart berre med «det uhyre enkle Fr.» Monsen. Som ung lærar gjekk han med «det brukne geværs politikk»-symbol på jakkeslaget, og da Arbeidarpartiet vart splitta i 1923, valde han som stortingsrepresentant å følgje med inn i Norges Kommunistiske Parti (NKP). Etter partisamlinga i 1927 vende han attende til Arbeidarpartiet og blei ein framskoten tillitsmann der.
Avvæpning
I stortingsvalåret 1930 gav Arbeidarpartiet ut eit hefte forfatta av Monsen med tittelen Avvæbning eller militarisme?, der det vart teke til orde for å «avskaffe det kostbare leketøi som det norske militærvesen er». Med dette utgangspunktet skulle ein ikkje tru at Fredrik Monsen kunne bli ein særleg effektiv forsvarsminister, men ifølge historikar Vidar Eng var det nettopp det Monsen blei. Trass i dei politiske forholda arbeidde Monsen medvite for å styrkje den norske beredskapen så langt han evna, og mot slutten av 1930-talet hadde den tidlegare antimilitaristen skift forsvarspolitisk standpunkt på fundamentalt vis. Eng har sett seg føre å finne ut når, korleis og kvifor dette skiftet hos Monsen skjedde, og gjer grundig og godt greie for dette, om enn til tider noko oppramsande.
Eng peikar på den internasjonale utviklinga i samtida, ikkje minst i Hitlers Tyskland, men også det at Nazi-Tyskland og Italia synte evne og vilje til å hjelpe nasjonalistane med militærmakt i den spanske borgarkrigen. Eng meiner derfor at Monsen seinast i september 1936 definitivt hadde endra standpunkt. Slik sett speglar Monsens personlege utvikling også ei endring i synet på militærmakta i breie krinsar av Arbeidarpartiet på 1930-talet, der det norske forsvaret ikkje lenger primært blei sett på som eit maktmiddel borgarskapet kunne nytta seg av for å kua arbeidarklassa.
Likevel fell Monsens skifte av standpunkt saman med ein utfordrande periode i privatlivet ettersom han frå november 1935 var sjukemeld i ni månader. Dette blir kort nemnt av Eng, men blir ikkje diskutert inngåande, kanskje på grunn av spinkelt kjeldemateriale. Sjølv om Eng er tydeleg på at han har valt å nedprioritere forsvarspolitiske saker som ikkje er direkte knytte til hovudspørsmålet, klarer eg ikkje å fri meg frå tanken om at Eng har late enkelte gode høve til å få fram fleire trekk ved ein interessant personlegdom gå frå seg, ikkje minst i dette tilfellet, der forsvarsminister Monsen etter den lange sjukepermisjonen vender attende med til dels andre meiningar enn før.
Velvørd
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.