Bok
Føreles meir enn han fortel
Akkurat passe er ei lita bok om dei store spørsmåla.
Jostein Gaarder har hatt internasjonal suksess med å skrive om filosofi.
Foto: Kimm Saatvedt
Moderne norsk manglar eit verbalt modus – ein verbmåte. Som spansklærar har eg kvart år mitt fulle hyre med å forklare elevar som alt strevar med bøyingar av spanske verb i tider og personar, at det ikkje stansar der. Spansk har ein aktiv bruk av konjunktiv, til liks med mange andre europeiske språk og slik vi sjølve hadde i norrønt. Det er ikkje kvart år eg får nokon av elevane til å bli oppglødde over dei rike høva denne verbale modusen gir for å seie noko om det hypotetiske, det imaginære, det ein tenkjer seg og drøymer om.
Jostein Gaarder er ein forfattar som likar å nytte høva det narrative gir til å stille dei heilt store spørsmåla. Hadde han skrive på spansk eller tysk, hadde romanane hans vore fulle av konjunktiv. Romanane hans er nemleg fulle av spekulative spørsmål, slike som byrjar med «Tenk om ...?», «Kva viss ...?, «Kva viss ikkje ...?». Også i romanen av i år tematiserer forfattaren menneskets utsette eksistens i det svimlande skjeringspunktet mellom universets lover og eigne val.
Under stjernene
Albert er litt over midtvegs i livet, godt gift med barn og barnebarn. Medan kona er på konferanse i eit fjernt utland, reiser han aleine til hytta – Eventyrhuset – for å sortere tankane. Albert skal forsøke å samle seg til ei viktig avgjerd for den neste epoken av livet, etter å ha fått ei melding som endrar alt. Eventyrhuset er mest som ein eigen figur i romanen og dessutan knytt til tittelen på boka. Hytta har vore avgjerande for Albert og familien hans, ein stad stappfull av viktige minne, minne som Albert kjem tilbake til i dei timane han sit der aleine i natta og skriv og tenkjer. Slik er det gjerne når noko avgjerande står på spel: Fortida kjem oss nær og viser kva val vi har tatt og konsekvensane av dei. Forteljinga går slik att og fram mellom notid og fortid, mellom dei konkrete hendingane og dei filosofiske perspektiva.
Det er lett både å følgje og å føle med Albert, og i starten verkar Akkurat passe å vere ein sympatisk roman. For eigen del dalar likevel sympatien etter kvart som eg les, når eg skjønar at dette ikkje først og fremst er ein roman. Historia kjem etter kvart meir og meir i bakgrunnen, språket mister spensten og karakterane blir mindre til å tru på. Gaarder vil fortelje ferdig for å kome til det som heile tida har vore hovudpoenget hans: filosofisk spekulasjon. Forteljinga om Albert blir å forstå som eit påskot for å få sagt noko om dei største spørsmåla i menneskelivet.
Om ein likar eit slikt grep eller ikkje, er sikkert ei smakssak. Som kjent hadde Gaarder ein spektakulær verdssuksess med Sofies verden i 1990-åra, også ei bok som blandar historieforteljing og filosofi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.