Bok

Før og etter

Ømt og brutalt side om side frå Oddfrídur Marni Rasmussen.

Oddfrídur Marni Rasmussen er nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2020.
Oddfrídur Marni Rasmussen er nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2020.Oddfrídur Marni Rasmussen er nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2020.
Publisert

Roman

Det bur rundt 53.000 menneske på Færøyane. Av dei er 117 medlemmer av Færøysk Forfattarforeining (Rithøvundafelagid). I eit intervju i Dagsavisen for nokre år sidan oppsummerte Jóanes Nielsen det slik: «Det er skrevet bare 110 romaner her. Kanskje 15 prosent er bra, kanskje to–tre prosent er fremragende.»

Det er strengt, men sant, og derfor slit også færøysk litteratur med å nå ut til andre språk enn dansk og norsk. Omsetjingar til norsk er det for tida Lars Moa som tar seg av, Ikkje før da er den 21. omsetjinga sidan det starta med Jóanes Nielsens Sting i 2003.

Oddfrídur Marni Rasmussen (f. 1969) er lyrikar med 16 diktsamlingar i bagasjen. Ikkje før da er den første romanen hans, utgitt i 2018, vinnar av Færøyanes Litteraturpris i 2019 og nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2020. Mykje tyder på at han bør skrive fleire romanar.

Brutalt ærleg

Handlinga er lagd til Tórshavn og følgjer forfattaren Janus (47 år) og kona Elsa dei siste månadene før ho døyr av ein hissig hjernesvulst. I del to sit Janus tilbake i ei botnlaus sorg og ei kvernande sjølvgransking som fører han til kanten av stupet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement