Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Før krigen kom …

Det er sterkt å lese Serhij Zjadan når ein veit kva som hender i Ukraina i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Serhij Zjadan har skrive ei rekke romanar, lyrikk, noveller og essay sidan debuten i 1995. Han er omsett til tolv språk og har vunne fleire prisar.

Foto: Valentyn Kuzan

3787
20220624
3787
20220624

Roman

Serhij Zjadan:

Mesopotamia

Omsett av Dagfinn Foldøy
Pax

For eit års tid sidan skreiv eg ein artikkel i Årbok for Fosen kring krigskyrkjegarden på Krokstadøra i gamle Snillfjord kommune, no Orkland, der det frå sommaren 1942 til våren 1943 blei gravlagt 21 sovjetborgarar: ni ukrainarar, sju russarar og fem uidentifiserte. To av dei ukrainske kom frå Kharkiv i Aust-Ukraina, og når eg nemner dette, er det fordi handlinga i Serhij Zjadans Mesopotamia utspeler seg i Kharkiv etter at Sovjetunionen braut saman i 1991 og Ukraina stod fram som sjølvstendig stat, og som om ikkje det var nok, så bur også Serhij Zjadan i Kharkiv.

Serhej Zjadan (f. 1974) skriv både poesi, skodespel, noveller og romanar, samtidig som han også er med og har vore med i ulike rockeband med base i Kharkiv. To av romanane hans er omsette til norsk av Dagfinn Foldøy, Anarchy in the UKR i 2017 og Mesopotamia i 2018. Begge romanane kjem no i nye opplag, brennaktuelle med bakgrunn i den pågåande krigen som i realiteten starta i 2014 med det prorussiske opprøret i Donetsk og Luhansk.

Kjærleik til Kharkiv

Kharkiv ligg mellom dei store elvane Dnipro og Donets, og tittelen Mesopotamia speler på tydinga «landet mellom elvane». I korte glimt hintar Zjadan også til det gamle Mesopotamia, heilt tydeleg i devisen henta frå Sumerernes sanne historie, band I, men i tillegg spreidd rundt i dei ni forteljingane som utgjer første del, «Historier og biografier», der han rissar opp livsløpet til ni ganske slitne og rølpete mannfolk som prøver å finne seg til rette i det postsovjetiske Ukraina. «Menn må fra barnsben av venne seg til dårlig litteratur, siden det er den som lærer dem å bli ekte mannfolk», heiter det i forteljinga om Foma, og «ekte mannfolk» med æreskjensle og med vilje til å forsvare sitt revir, er det mange av, skildra med glimt i auget og med ei overberande forståing av den livssituasjonen dei er i som arbeidslause eller involverte i snusk og bedrag, sånt som gir spenning og ei kjensle av å meistre livet: «Vi kan bare elske og ta livet som det er. Det vil si uutholdelig utrolig. Det vil si utrolig uutholdelig.»

Samtidig er romanen ei kjærleikserklæring til byen Kharkiv med sine feil og manglar, likevel ein heim skildra med poesi og rike bilde: «Jeg må tilbake til byen som venter på meg, byen som ligger der mellom elvene, på høydene, åpen mot himmelen, overstrødd med blå snø.» I andre del, «Presiseringer og generaliseringer», glir teksten over i poesi og lause og direkte referansar til første del: «Alltid kommer jeg tilbake til disse høydene,/ til disse portene, hvor det står tollere og voktere.»

Post-Sovjetunionen

Romanen skildrar også det postsovjetiske Ukraina med nedslitne bustader, nedlagde fabrikkar, fattigdom og rotløyse, vennskap og fiendskap, alltid med lengten etter eit anstendig liv med nær familie og nære venner, utan framandfrykt og utan ultranasjonale krefter som hyllar Stepan Bandera (1909–1959), nazikollaboratør og medansvarleg for massedrap på ukrainske jødar i Lviv i 1941.

Mesopotamia er eit oppkomme av historier frå botnen av samfunnet, framført med innleving, driv og trøkk i eit overlys av skjør poesi, og skriven av ein av Ukrainas fremste forfattarar, kjent langt utanfor landegrensene.

Korleis gjekk det så med dei to unggutane frå Kharkiv som er gravlagde på krigskyrkjegarden på Krokstadøra? Hausten 1953 blei kyrkjegarden fjerna som ledd i Operasjon Asfalt og leivningane flytta til den offisielle krigskyrkjegarden på Vinjeøra, der det i dag kviler 144 sovjetborgarar, ukrainarar og russarar side om side.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mesopotamia er eit oppkomme av historier frå botnen av samfunnet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis