JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

For den sjølvsikre lesaren

Trekk pusten, legg vekk mobilen og hald deg til teksten, så kan du få deg ei kjekk og underleg stund.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingvild Schade skriv om 14-åringen Karsten.

Foto: Håkon Borg

3235
20190607
3235
20190607

Roman

Ingvild Schade:

Bergverket

Cappelen Damm

Eg føler at nokon ser på meg medan eg les Ingvild Schades (f. 1987) andre roman, at nokon følger med på meg for å sjå om eg les boka riktig. Det er eigentleg ikkje teksten i seg sjølv som er vanskeleg. Sjølv om han nok ikkje er for alle, med lange, innfløkte setningar, hyppige digresjonar og større utgreiingar om geologi og biologi, i tillegg til hopp i både tid og synsvinkel.

Problemet mitt er derimot at eg ikkje alltid forstår kva som skjer, kvifor det skjer, og kva forfattaren vil fortelje, og då blir eg nervøs. Det er sikkert ikkje Schades intensjon å ekskludere nokon, men eg kjenner meg nesten litt dum og er redd for å ha oversett noko, ein tydeleg referanse eller allusjon eller omskriving av ein gresk tragedie eller noko, eitt eller anna må ligge under, det er eg nesten overbevist om.

Men om eg ser bort frå denne frykta, kosar eg meg frykteleg (sic!) med teksten som er utruleg sprø og rik. Og uansett er det ei bragd av ein så ung og fersk forfattar å få romanen til å minne om noko klassisk. Og når eg veit om Schade at ho er ein humoristisk forteljar som er glad i å kødde litt med lesarane, kan det jo hende ho rett og slett vil skrive om overgangen frå barn til vaksen på mest mogeleg snodig og artig vis.

Assosiasjonsrik

Hovudpersonen heiter Karsten og er fjorten år, men han brukar ord som «lærerinde» og «mannekeng» og snakkar såleis som ein gammal mann, eller herre blir vel nesten meir presist. Vi er i Noreg, trur eg, men eg veit ikkje kva tid det er. Snakkar Karsten gammalmodig, eller er dette nokre tiår tilbake i tid? Begge delar er sannsynleg, og det set preg på opplevinga – det blir som å vere fleire stader, eller i fleire dimensjonar, på same tid.

Same kva tid det går føre seg i, er Karstein annleis enn jamaldringane. Han kjem ikkje overeins med nabogutane, dei snakkar nærast ikkje same språk. Dette resulterer i at han isolerer seg over lengre tid og kokar i hop ei krimgåte ved hjelp av ein ekstremt livleg, pubertal fantasi og videokameraet til faren.

Absurd krimgåte

Den absurde krimgåta går føre seg i preteritum. I notid i boka er Karsten og faren på fottur. Verken Karsten eller lesaren veit kor dei er på veg. Så går vi tilbake til nær fortid og blir kjende med Karsten som ein anten irriterande, obsternasig og betrevitande dritunge eller pratsam, evnerik og uskuldig tenåring – det er opp til deg som les, tenker eg. Om eg hadde treft Karsten, ville eg late han få prate i veg om bergartar og synsnerven og anna som måtte interessere han, men det er jo ikkje alltid slikt passar.

På same måte må du vere tolmodig når du les Schades bøker, slik som når du les til dømes Kristian Klausen, som òg er ein språkleg vilter og assosiasjonsrik drammensforfattar.

Eg frydar meg over Bergverket, og for meg er boka årets største litterære overrasking så langt, og ikkje ver redd for å kjenne deg dum. Hiv deg over boka!

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg frydar meg over Bergverket, og for meg er boka årets største litterære overrasking så langt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis