JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Folk som ikkje får det til

Hilde Stålskjær Osen veit korleis folk tenkjer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hilde Stålskjær Osen er utdanna regissør ved dokumentarlinja på Den Danske Filmskole. No er ho aktuell med den andre bokutgjevinga si.

Foto: Privat

3602
20220603
3602
20220603

Noveller

Hilde Stålskjær Osen:

Frå nå av blir det lettere

Cappelen Damm

Der det ikkje er mykje å skriva heim om, er det tidt mykje å skriva om, også utan å skriva det om. Motsett er slikt ein skriv heim om, ofte omsett til idyll, og dermed devaluert til emballasje.

I novellene til Hilde Stålskjær Osen møter me folk i kvardagen, oftast der dei ikkje har ei kjensle av å strekka til. Men lesaren kan no og då sjå at desse personane er sine eigne fiendar, dei er snille, dei vil berre gjera slikt som er godt, og når dei ikkje får det til, kjem det gjerne av eitkvart i dei sjølve.

I den første novella ligg perspektivet hjå ei ung kvinne som har gifta seg med ein nordmann i heimlandet hennar, eit land som ikkje liknar mykje på det Haust- og Vinter-Noreg ho deretter kjem til. Heimlengten veks med tida, det initiativet ho har til å gje staden ein sjanse, forvitrar fort, og tiltakslysta vert borte. Ingen har gjort ho noko, men ho likar seg, stoda og plassen mindre og mindre. Dette er ein gryande depresjon skildra frå innsida, og Osen syner her prov på det som også elles imponerer aller mest i denne boka: Ho forstår korleis folk tenkjer.

Noko på spel

Boka er fri for dramatiske effektar, men det står likevel ofte noko på spel, og det gjeld særleg relasjonar. Osen skriv frå ulike perspektiv, og gjer alt like godt, anten det er tankane til ei 12 år gamal jente me får ta del i, der ho ottast at foreldra planlegg skilsmål, eller observasjonane ein 43 år gamal mann gjer, og ser som teikn på at samlivet skrantar.

Det som desse og andre personar i boka har sams, er at dei er svært kjenslevare. Dessutan har dei fantasi til å lesa korrektur på røynda, som ei ung kvinne som er i Paris for første gong, like etter at ho vart dumpa av kjærasten. Osen skriv: «Hun tenker i korte glimt at alt kanskje bare er noe han har funnet på. At han ikke har blitt glad i en annen. Han kan ha sovet på den korte sofaen på kontoret i en hel uke bare for å lure henne. Han har kanskje avtalt alt med søstra og mora. Hvorfor skulle ellers søstra ha sagt at å reise til Paris var en god idé. Hvorfor skulle ellers mora bedt om et bilde frå Eiffeltårnet. Han venter på at hun skal komme dit. Han har sikkert kjøpt en stor bukett peoner. Han vil overraske henne med å fri akkurat der foreldrene hennes gifta seg.»

Ingen idyll

Ein annan stad møter me ein mann som just har mista kona si, etter 40 år saman. Han veit at dei har hatt eit godt liv, men at dei likevel ikkje var dei rette for kvarandre. Lesaren forstår at sjølv om det var eit element av kjærleik med i spelet, har dette ekteskapet, slik den ferske enkemannen ser det, nok vore meir av eit forretningsministerium enn ei lysande intimsfære for to svermarar. Men han har gjort det beste ut av situasjonen, sjølv om han heile tida har meint at det var ei anna han skulle ha delt livet med.

Også alderssynsvinkelen skiftar i denne boka. I den siste novella observerer ei kvinne den pensjonerte mannen sin medan han skriv eit brev til kommunen: «Etterpå: duringen fra printeren og Knut som går ut i bilen og kjører til butikken for å sende brevet med posten, før han en stund senere kommer hjem igjen, opprørt over hvor dyrt det har blitt med frimerker.» Just slik er det.

Kort sagt: Hilde Stålskjær Osen har skrive ei god novellesamling der alt verkar ekte. Idyllen står som sagt ikkje i høgsetet, men ein skal no ikkje stå i setet korso.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hilde Stålskjær Osen har skrive ei god novellesamling der alt verkar ekte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis