Bok

Flimrande og innfløkt

Romanen har eit potensial som forfattaren ikkje får brukt.

Eivind Hofstad Evjemo fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen som kom ut i 2009. Han skriv òg dikt.
Eivind Hofstad Evjemo fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen som kom ut i 2009. Han skriv òg dikt.
Publisert

To gonger sidan 1964 er Tarjei Vesaas’ debutantpris blitt delt mellom verdige kandidatar: i 1995 mellom Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg, i 2009 mellom Kjersti Annesdatter Skomsvold og Eiving Hofstad Evjemo. Alle er i dag godt etablerte med spennande forfattarskap; for dei to yngste sin del enno i startfasen.

Evjemo debuterte med romanen Vekk meg hvis jeg sovner, med handling frå eit småbruk på helgelandskysten der forteljaren minnest oppveksten saman med bestefaren. Framstillinga var prega av draumeaktige minne sveipte i eit biletspråk med imponerande og original presisjon. Årets bok hentar også handling frå eit nordnorsk kystsamfunn med gardsdrift som hovudnæring, og ungkaren Hans Junior har overtatt drifta etter at faren døydde, noko han kjenner som «å drifte sitt eget barndomshjem» og «som om forfedrene sto og tittet ham over skuldrene».

Konflikt

Ein dag kjem Sylvi frå Mattilsynet på umeldt besøk, og ho ser fort at her er det litt av kvart som ikkje held mål etter normal standard. Alt er prega av forfall og dårleg økonomi, sitkagrana et seg heilt inn til husveggene, det er fluger og spindelvev overalt, og husdyra er fulle av flått. Slikt har Sylvi sett mange plassar: Bønder som har gitt opp eller er i ferd med å gi opp. Men Sylvi er ikkje snauare enn at ho flyttar inn hos Hans, og kjærleiken mellom dei to er skildra på ein var og fin måte.

Men Sylvi blir sjuk og sengeliggjande av noko som kan minne om ME, og ho blir ikkje betre av massasje hos ei thailandsk dame som har flytta inn hos Johan på nabogarden. Johan er søskenbarnet til Hans, og forholdet mellom dei to bruka er ganske anstrengt etter noko som hende i foreldregenerasjonen. Det var Johan som melde Hans til Mattilsynet. Slik held dei konfliktnivået ved like.

Flimrande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement