Bok
Finurleg fabel
Altmuligmannen er ein storpolitisk thriller til å drage på smilebandet av.
«Presidenten var en travel mann. Når han ikke klippet plenen utenfor palasset sitt, var han stadig på parader, møter eller reiser.»
Illustrasjon: Øyvind Torseter
I Altmuligmannen møter vi Mulegutten på nye eventyr. Ifølgje opphavsmannen Øyvind Torseter er figuren ei blanding av hest, hund, mus og menneske. Dette er den femte boka om Mulegutten.
Slik figuren er sett saman av mange ulike skapningar, er også forteljingane leikne blandingar av mange ulike sjangrar. Frå før har Øyvind Torseter referert til både folkeeventyr, greske tragediar og klassiske romanar i bøkene om Mulegutten.
Den fabelaktige typen har no fått jobb som altmoglegmann hos presidenten. Presidenten er så fornøgd med arbeidet at han vil la Mulegutten bere kofferten sin. I kofferten finst ein raud knapp. Trykker du på knappen, utslettar du heile verda.
På veg heim frå jobb møter Mulegutten seg sjølv på gata. Den smilande dobbeltgjengaren flyttar inn i husværet hans, tek over jobben og stikk av med kofferten. Forbrytaren er ein ulv i forkledning.
Torseter låner fritt og frimodig frå nær sagt alle moglege motiv. Har du lese litt skjønnlitteratur, har du sett dei før: raude knappar, dobbeltgjengarar, framande makter og utkledde ulvar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.