Finne seg sjølv
Evan Boone lar draum og realitet flyte saman.
Evan Boone er fødd i USA, men har budd i Noreg sidan 2016. Ho er programmerar med mastergrad i informasjonstryggleik.
Foto: Agnete Brun
Noveller
Evan Boone:
Tavlefjellene
Aschehoug
Debutanten Evan Boone er ung, amerikansk og fødd i 1998. Ho er programmerar med mastergrad i informasjonssikring frå Universitetet i Oslo, og ho er busett i Noreg sidan 2016. På den tida har ho lært språket så godt at denne lesaren ikkje ser noko som skurrar, verken i syntaks eller i ordval; alt er på stell i det språklege. Om alt er på stell i det litterære, er ikkje like opplagt.
Tavlefjellene består av sju noveller, alle formidla gjennom yngre kvinner som søker sjølvrealisering innanfor akademia, innanfor kunstnarmiljø, i seksuell utfalding og ikkje minst gjennom å reise verda rundt i rastlaus leiting etter noko dei aldri får taket på. Ulike nettforum betyr mykje for fleire av dei, og det er gjennom nettet dei har kontakt med omverda.
Verdsvande 20-åringar
Somme av dei har vakse opp i små bygdesamfunn dei ville bort frå så fort som råd, og i storbyar som Oslo, New York, Buenos Aires, Berlin eller Tokyo opptrer dei som verdsvande 20-åringar med ein kosmopolitisk fasade og med eit kontaktnett innanfor så vel FN som ymse eliteuniversitet, mens realitetane viser til avbrotne studium, ufullførte prosjekt, deltidsjobbar, oppbrot og forflyttingar, spontane innfall og idear, retningslaust og samtidig strevande etter å bli noko heilt for seg sjølv, noko ekstraordinært, for eksempel å bli vinnar av Idol eller få ei høg stilling i FN-systemet.
Denne eskapismen, dette misforholdet mellom draum og realitet, er det mest interessante ved Evan Boones debutnoveller, og ho ser på sin eigen generasjon tidvis med glimt i auget, tidvis med eit alvor som denne lesaren vel å tru på, sjølv om nokre av novellene blir nokså utflytande og ufokuserte og med lause trådar som aldri blir samla i ein heilskap.
Talent for tekst
Det makabre og det mystiske går hand i hand i dei beste novellene, og eg løftar gjerne fram opningsnovella «Skinnjakke» der partering av lik og spreidde kroppsdelar har ein viss skrekkeffekt, mens i tittelnovella «Tavlefjellene» forsvinn unge jenter på mystisk vis for aldri seinare å bli funne.
Evan Boone har utan tvil eit talent for tekstforming, og la det vere utgangspunkt for vidare arbeid med fleire noveller eller ein roman.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det makabre og det mystiske går hand i hand i dei beste novellene.
Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement